Gå til sidens hovedinnhold

Ny pensjonsordning vil ikkje kunne gjelde for fullt før i 2026

For eit par veker sidan vart regjeringa og Frp samde om å innføre pensjon frå første krone frå 2023. Men ordninga kan bli tre år forseinka.

NBK-NTB

Ordninga vil gi rundt 1 million nordmenn betre pensjon, men ifølgje Fri Fagbevegelse vil ordninga først vere i gang for fullt frå 2026.

Kostnaden til ordninga for kvar enkelt arbeidsgivar er snaue 2.000 kroner, men regjeringa har lova ei overgangsordning med mellombelse kompensasjonar for bedriftene som må betale denne summen til sine tilsette.

Arbeidarpartiet og SV meiner at ordninga kan innførast allereie frå 1. januar 2022, og under den munnlege spørjetimen på onsdag spurde derfor Rigmor Aasrud (Ap) om kvifor dette ikkje kan gjerast.

Ho meiner kompensasjonsordninga gjer at ordninga ikkje vil få full kraft før i 2026.

– Vi har saman med Frp sagt at vi må innføre kompensasjonstiltak. Vi må gjere det på eit tidspunkt der vi trur desse næringane er oppe og står. Vi må starte lovarbeidet og sørgje for at ikkje jobbane forsvinn frå ei stor næring som allereie slit, svarte statsminister Erna Solberg (H).

Rigmor Aasrud meiner regjeringa burde vere villig til å gi fleire folk ein rettferdig pensjon mykje raskare enn det dei legg opp til.

Kommentarer til denne saken