Ny ordning for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande

Av

Næringsdrivande og frilansarar som mister inntekter etter koronautbrotet, vil kunne få dekka inntil 80 prosent av inntektsbortfallet av inntekter inntil 6G.

DEL

– Det blir mogleg å søke på ordninga frå måndag 4. mai. Det blir då gitt etterbetaling for april, opplyste arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) på regjeringas pressekonferanse tysdag.

Inntekt inntil 6G svarar til vel 479.000 kroner.

Isaksen opplyste samstundes at Nav har fått 200 millionar ekstra for å få unna søknadsbunkane. Han la til at Nav truleg vil trenge meir pengar etter kvart og åtvara mot at saksbehandlingstida vil kunne bli lengre enn vanleg.

– Vi gjer det som skal til for at flest mogleg skal få så mykje som mogleg av pengane sine så fort som mogleg. Men eg må framleis si til folk at dette vil krevje noko tolmod.

(©NTB)

Artikkeltags