Alver kommune får i dag både ny nettside og ny Facebook-side.

Dei fortel på sin foreløpige nettside at den nye nettsida vil likne på sidene ein er vand med frå Lindås, Meland og Radøy. Formålet vil vere å gi oppdatert informasjon om kommunen.

– Vi jobbar for at overgangen til Alver kommune skal bli så enkel som mogleg for alle som bur, besøkjer og driv næring i den nye kommunen, skriv dei på sin eiga nettside.

Den nye nettsida finn du her, og den nye Facebook-sida finn du her.