Gå til sidens hovedinnhold

Ny koronavariant påvist i Alver kommune

Ein person i Alver kommune har fått påvist deltavarianten av koronaviruset.

Det melder kommunen i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Tilfellet er det første påviste koronaviruset i Alver sidan slutten av mai – og det første tilfellet av deltavarianten.

– Folkehelseinstituttet reknar med at deltavarianten vil «overta» i løpet av sommaren. Det er med andre ord ikkje overraskande at vi får eit slikt tilfelle her hos oss, forteln kommuneoverlege Terese Folgerø.

Ifølge kommunen er tilfellet er resultat av importsmitte. Den smitta er i isolasjon, og alle nærkontaktar er i karantene.

– Ein forsmak

– Dette er ein forsmak på det som kjem og ei påminning om å vere nøye med smittevernreglane i ferien, seier kommuneoverlegen.

Folgerø ber folk om å teste seg så fort dei merker milde symptom.

– Testing og smittesporing er den mest effektive måten å oppdage og slå ned smitten på. Det er viktig at vi hugsar på dette i ferien også. Ikkje tenk at det ikkje er så farleg, eller at du kan ta det når du kjem heim frå ferie. Om du har symptom, ver heime, held avstand til andre og test deg med ein gong, seier Folgerø.

Testa positivt ved framkomst

Ifølge kommunikasjonsrådgivar Silje Andvik Hoaas testa vedkommande positivt ved framkomst til Norge, etter å ha vore i utlandet.

– Smittesporinga er avslutta, som vil seie at vi har oversikt over kven vedkommande har vore i nærkontakt med, seier ho til Avisa Nordhordland.

Hoaas har formidla vidare ei rekkje spørsmål frå avisa til kommuneoverlege Terese Folgerø. Kommuneoverlegen ønsker ikkje å svare på kva aldersgruppe den smitta høyrer til, eller om vedkommande er innbyggjar i Alver kommune.

– Det handlar om prinsippa vi bygger informasjonen vår på. Vi er forsiktige med å gå ut med informasjon som kan identifisere den det gjeld, seier Hoaas.

Kommentarer til denne saken