Gulen kommune har no registrert to tilfelle av koronasmitte.

Første tilfelle vart registert 8. september, og var ein arbeidsinnvandrar som vart testa i samband med ankomst.

Det andre tilfellet skal også vere ein arbeidsinnvandrar. Vedkommande vart testa etter å ha vore i nærkontakt med det første smittetilfellet.

- Vedkommande har vore i karantene sidan ankomsten til Gulen og er no sett i isolasjon, skriv kommunen.