NETTAVISEN: I 2020 blir distriktssendingane til NRK å sjå rett etter Dagsrevyen i NRK, melder kanalen i ei pressemelding. Dette er del av ei vidareutvikling av sendeskjemaet for NRK1 i 2020, heiter det i pressemeldinga. Sendingane blir med det flytta frå før til etter Dagsrevyen.
Skal få fleire sjåarar
– Vi veit at nyheiter og innhald frå distrikta er attraktivt innhald for NRK1-sjåarane. Ved å flytta distriktssendingane til beste sendetid vil vi nå langt fleire sjåarar, og vi vil løysa distriktsoppdraget vårt endå betre. Distriktsnyheitene før Kveldsnytt skal vidareførast som i dag, seier distriktsdirektør i NRK, Marius Lillelien i ei pressemelding.

Amedia sikra seg handballrettane – no kan du sjå eliteserien på nordhordland.no
Kutter «Norge nå»
I tillegg skal kanalen utvikla eit nytt program som dekkar heile Norge, og som overtar for «Norge Nå», som vert kutta.
– Norge nå er eit flott program som har tatt nye stader i landet inn i stova til folk kvar kveld og eit prosjekt som vi har lært mykje av. Det skal fortsette ut året. Så skal vi utvikla eit nytt program som gir sjåarane historier frå heile landet kvar dag, seier Marius Lillelien.

Nordmenn betalar dyrt for lite på Netflix
Kommentarer til denne saken