Som abonnent på Avisa Nordhordland kan du i år sjå fleire av dei lokale laga våre i aksjon under Norway Cup.

– Vi skal direktesende i alt elleve kampar; med lag frå Nordhordland Ballklubb, Radøy/Manger og Austrheim. Dette blir tidenes nett-tv-tilbod for abonnentane våre, seier redaktør i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal.

Over 500 kampar

Avisa Nordhordland er eigd av Amedia, som eig 64 lokalaviser landet rundt. Avisene og Amedia sentralt har no fått på plass ei storsatsing av direktesendt sport som går under namnet Norgessporten.

Norway Cup er eit av satsingsområda til, og som abonnent på Avisa Nordhordland, får du difor tilgang til over 500 kampar samla, inkludert dei elleve lokale kampane som er sett opp i gruppespelet (sjå oppsett til høgre).

– Folk i Nordhordland har jo familie og venner over heile landet, så her er det stor sjanse for at mange av abonnentane også kan finne kampar med andre lag i aksjon dei har interesse av på vår nettside, forklarer Nydal.

Desse lokale kampane frå gruppespelet kjem vi til å vise:

TidHeimelagBortelagAldersklasseBane
29.7 11:40Blindheim ILRadøy/Manger FKGutar 16, 11-ar05 EK 11
29.7 13:45Radøy/Manger FKKIL/Hemne FotballGutar 18/19, 11-ar02 VA 11
29.7 19:30Radøy/Manger FKBækkelagets FK 2Jenter 15/16, 7-ar7B EK 7
30.7 09:00Vigra ILNordhordland BKJenter 14, 7-ar7B EK 7
30.7 09:00Nordhordland BKStokke ILJenter 14, 11-ar05 EK 11
30.7 13:55Austrheim ILLesja IL/DombåsGutar 16, 11-ar02 VA 11
30.7 16:10IF KilkamerateneNordhordland BKGutar 14, 11-ar27 EK 11
31.7 11:40Austrheim ILLandsås FKGutar 16, 11-ar02 EK 11
31.7 13:55Radøy/Manger FKHønefoss BKGutar 18/19, 11-ar02 VA 11
31.7 16:10Bangkok Chr. CollegeNordhordland BKGutar 14, 11-ar02 EK 11
31.7 18:10Nordhordland BK 2Elverhøy FotballklubbGutar 13, 9-ar03 VA 9

Nytt av året er at også Nettavisen er med på satsinga.

– I fjor følgde tusenvis av abonnentar kampane frå Norway Cup gjennom si lokalavis. I år har vi også Nettavisen med på laget, og girar opp dekninga ytterlegare, seier Jostein Larsen Østring, direktør for innhaldsutvikling i Amedia, til Norway Cup-arrangørane.

Aldri før har TV-dekninga vore større på den internasjonale cupen på Ekebergsletta enn den blir frå og med 28. juli i år. Og med over 500 kampar er Amedia den aktøren som dekkjer flest kampar, og absolutt alle desse kampane vil vere tilgjengelege gjennom vår sportsportal, Norgessporten, der du dessutan kan sjå breiddefotball kvar veke.

Desse laga er med

Ettersom dekninga vår også gjeld store delar av sluttspelet, vil det med stor sikkerheit bli endå fleire lokale kampar når ein veit korleis plasseringa i gruppespelet blir.

Påmeldt i år er 1900 lag og 30 000 spelarar. Totalt skal det spelast rundt 5 000 kampar. Deltakarar frå totalt 50 nasjonar vil vere representert i årets utgåve av Norway Cup.

Uavhengig av live-streaming har distriktet 15 lag med i årets Norway Cup:

  • Hordabø IL har med eitt lag i J15/16-klassen, og Kvernbit har også med eitt lag i G16-klassen.
     
  • Nordhordland Ballklubb stiller med sju lag, i klassane G13 (to lag), G14, J14 (to lag) og J18/19 (to lag).
     
  • Radøy/Manger har med tre lag som skal spele G16, G18/19 og J15/16.
     
  • Austrheim IL stiller også sterkt i år, og deltar i G16, G15/16 og J14-klassane.