Noreg blir gradvis opna opp att

Kunnskapsminister Guri Melby (V), Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) under ein pressekonferanse om kva slags koronatiltak regjeringa ønskjer å vidareføre i dagane og vekene etter påske.

Kunnskapsminister Guri Melby (V), Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) under ein pressekonferanse om kva slags koronatiltak regjeringa ønskjer å vidareføre i dagane og vekene etter påske. Foto:

Av

«Langsamt og varsamt» lettar regjeringa opp på koronatiltaka. Barnehagar og skular blir opna, frisørar får jobbe og hytteforbodet forsvinn.

DEL

Men dei første lettingane i tiltaka mot koronaviruset kjem først etter påske.

– Det skal gå langsamt og varsamt, sånn at vi kjem oss trygt heim igjen, sa helseminister Bent Høie då han og regjeringa presenterte endringane i tiltaka. Dette er nokon av hovudpunkta:

* Barnehagane opnar 20. april, medan skulane gjenopnar frå 27. april for 1.–4. klasse og SFO.

* 20. april: Frisørar og hudpleiarar kan gjenopne om dei oppfyller krav om smitteverntiltak.

* Hytteforbodet blir oppheva 20. april.

* Større idretts- og kulturarrangement blir forbode fram til 15. juni.

* Fysioterapeutar og psykologar kan byrje å jobbe igjen frå 20. april, men må følgje nye smittevernstandardar.

Solberg: – Langt frå halvspelt

Samtidig blir karantenereglane vidareførte, krav om å halde avstand, reiserestriksjonar og hygieneråda.

– Det vi gjer no, er å opne litt opp. Men eg vil understreke så sterkt eg kan, at dette ikkje betyr at vi kan bli meir uforsiktige på andre område. Andre tiltak og råd gjeld derfor framleis, seier statsminister Erna Solberg (H).

Ho åtvarar mot å tru at vi no kan lene oss tilbake og røre oss for fullt tilbake til kvardagen.

– Vi er framleis langt frå halvspelt viss vi skal samanlikne oss med ein fotballkamp. Men med godt lagspel har Noreg klart å få kontroll på dette viruset. Jobben no er å halde fast på denne kontrollen, seier statsministeren.

Tilbake til meir normal kvardag

Kunnskapsminister Guri Melby (V) seier at målet til regjeringa er at alle barn skal tilbake på skulen før sommaren.

– Det er ikkje sikkert det blir som før 12. mars, for mange blir det kanskje i mindre grupper. Og det er ikkje sikkert at alle får fulle dagar eller fulle veker. Men det å komme tilbake til ein meir normal kvardag og vante miljø, er viktig for alle barn og unge, ikkje berre for dei minste, seier ho.

Kunnskapsministeren kunne òg fortelje at dei vidaregåande skulane opnar for elevar på yrkesfag for dei to siste årstrinna frå 27. april, medan universitet, høgskular og fagskular opnar for nokre studentar og tilsette same dag.

– Ikkje vunne

Helseminister Bent Høie seier at betre testing og rask isolering av smitta blir viktig i tida framover.

– Kampen mot viruset er ikkje vunne, sjølv om vi no ser ut til å ha nådd målet om at kvar person i gjennomsnitt ikkje smittar fleire enn éin. Vi må framleis belage oss på strenge smitteverntiltak i lang tid, seier han.

Regjeringa ser ikkje bort frå at dei kan bli nøydde til å stramme inn igjen seinare dersom smitten blussar opp igjen.

– Vi har no kortroll på smittespreiinga, men vi veit òg at det er veldig lett å miste kontrollen. Derfor må vi alle ta omsyn til tryggleik og føreseielegheit, seier Høie.


Artikkeltags