– Det er kjekt sjølv om me tapar

Artikkelen er over 5 år gammel

Det seier spelarane på Nordre Holsnøy etter tap mot naboane frå Knarvik.

DEL

– Det er lagsport, og så er det gøy å vera med kvarandre og spela på lag, seier Malene Tvedt.

Ho var me og tapa 9-5 borte for Knarvik på sundag, i klasse j-12 handball.

– Det er kjekt å spela sjølv om me tapar, seier ho.

Dei fleste jentene er einige i at handball er kjekkare enn fotball og andre idrettar.

– Det går fortare, og ein får meir fatt i ballen i handball, er det ei som peikar på.

– Og så likar me å bruka hendene i staden for beina, legg Tvedt til.

Nordre Holsnøy har eit stadig aukande handballmiljø. No har ein åtte-ni lag som spelar aktivt.

– Men det er berre jentelag, seier trenar for J12-laget, Asle Brakstad.

Han seier at handballinteressa byrja å stiga etter at Meland aktiv kom på plass.

J12-laget består av 13 spelara som har spelt saman i fire år no.

– Dei er treningsvillinge og stiller alltid på trening, seier han.

Årets sesong er den fyrste med seriespel. Det har så langt enda med eit poeng.

– Det har gått litt trått i år, men dei har godt av det og, seier Brakstad.

– Det er ein tøff idrett, men det er bra for jentene, så vert dei litt tøffare dei og, sluttar han.

Artikkeltags