Nordmenn som er vaksinerte eller har immunitet etter sjukdom, kan få koronasertifikat, sa statsministeren på pressekonferansen som blir halden onsdag. Det blir jobba med eigne råd for fullvaksinerte.

– For å kunne dokumentere at vi er vaksinerte, at vi har teke ein koronatest, eller har naturleg immunitet etter gjennomgått covid-19, jobbar vi no med å lage eit koronasertifikat, seier statsminister Erna Solberg (H).

Ho peikar på at den norske løysinga vil vere i tråd med EUs digitale koronasertifikat. Det har vore ein klar ambisjon frå EU og WHO at den europeiske løysinga skal vere tilpassa ei internasjonal løysing.

– Regjeringa greier òg ut om ei forenkla utgåve av eit koronasertifikat òg kan brukast nasjonalt for å kunne opne opp meir og raskare, gjennom digital dokumentasjon av test- og vaksinestatus, seier ho.

(©NPK)