Det seier Rolf Hansen i Meland Arbeidarparti til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: undefined

85 ekstramillionar

Søndag kveld sende han eit brev til ordføraren i Meland der han kunngjorde at Meland AP og alle deira kommunestyrerepresentantar no støttar framlegget til ny Nordhordlandspakke.

Det framlegget betyr at vegen Fløksand-Vikebø vert løfta opp på sikker plass i pakken, samt at eit kryss på Holme vert løfta opp. I tillegg får Meland kommune 85 millionar kroner ekstra.

– Når Fløksand-Vikebø vert løfta fram vert den realisert. Det hadde den ikkje vorte med den første pakken. Den pakka kunne ikkje realiserast slik den vart lagt fram, meiner Hansen.

Pakka vart og stemt ned i Meland kommunestyre, med 14 mot 13 stemmer. Men Hansen peikar på at når dei har fått alle sine krav gjennom, må dei sjølvsagt snu.

– Me er ikkje eit parti som seier nei til bompengar. Og når me ser det no er samsvar mellom bompengane og det som skal gjerast, må me seia ja til det, seier han.

Med ja frå Arbeidarpartiet ligg alt til rette for at det no er fleirtal for Nordhordlandspakken i Meland.

LES OGSÅ: undefined

– Rett å seia nei

– Me føler at dette er ein siger for Meland AP. Det var rett å seia nei fyrste gong, og det vert truleg eit ja no. Det er og rett, seier han.

No vil dei be kommunestyret om å ta saka opp att igjen. Dei får støtte frå Meland Senterparti.

– Medlemsmøtet hjå oss har bestemt at eg skulle ta kontakt med dei andre partigruppene etter at det siste framlegget frå Nordhordlandspakken vart lagt fram, seier gruppeleiar Sølvi Knudsen til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: undefined

Halvt år forseinka

Ho seier det er viktig for dei å prioritera vegar i Meland og at dei er klar for ein ny bomkamp.

– Eg håpar at det går gjennom i denne runden, elles vert det ikkje enkelt å få utbygd noko særleg betre infrastruktur til bygdene i Meland, seier ho.

Målet er framleis å få pakka opp i fylkestinget i juni. For å få det til, må alle dei sju eigarkommunane seia ja til den nye pakka innan utgangen av mai.

Nordhordlandspakken AS skal torsdag ha styremøte og vedta dei aktuelle endringane i pakken. I tillegg til 85 millionar ekstra til Meland, får Lindås 115 millionar kroner. Det takk vera at Nordhordlandspakken AS får rekna inn ei lågare lånerente, samt ekstrainntektene frå den nye bommen i Isdalstø.

– Me jobbar med høgast mogleg framdrift og håpar på ei avklaring i fylkestinget i juni, seier styreleiar Pål Kårbø.

Men han legg ikkje skjul på at utsettinga har medført forseinkingar.

– Me ligg kanskje eit halvt år lenger ute i forhold til framdrift, innrømmer han.
LES OGSÅ: undefined