Nordhordlanspakka har nok ein gong vore oppe i kommunestyret i Lindås.

Den evigvarande bompengesagaen i Nordhordland er no inne i ei ny fase etter at Meland sa nei til det førre framlegget i februar. 

Berre kort tid etter det vart sagt nei, møtte fleire ordførarar og fylkesordførar på eit styremøte i Nordhordlandspakken AS. Ikkje lenge etterpå kom det eit brev frå Statens Vegvesen med ei justert pakke ut på høyring.

Dette reagerer Framstegspartiet i Lindås på.

LES OGSÅ: undefined

– Ordførarane styrte ordet

– Me vil ha svar på kva mandat hadde dei med seg i møtet med styret i Nordhordlandspakka, seier Bjarte Vatnøy (FrP).

– Eg trudde det var automatikk i at pakka vart lagt ned etter at det vart sagt nei. Men på eit styremøte i Nordhordlandspakken dukka fylkesordføraren opp, saman med dei fleste ordførarane. Det kan nesten verka som om det var dei som styrte ordet i eit styremøte, seier han.

Vatnøy viser til at sist gong saka var oppe i kommunestyret i Lindås fekk ein beskjed om at dette var siste gongen saka var oppe, for bompengeselskapet var teknisk konkurs.

– I Lindås sa me ja, men det betydde ikkje noko då Meland sa nei. Til glede for nokon og til tårer hjå andre. Men eit nei i Meland betydde altså lite for demokratiet, held han fram.

– Me vart altså fortalt usannheitar frå talarstolen, hevdar han.

I høyringa som var oppe i kommunestyret torsdag vert endringane i pakken omtala som mindre justeringar.

Justeringane som er gjort er:

* Auke i investeringsramma med 200 mill. kroner basert på inntekter frå bomstasjon i Isdal og justert kalkulasjonsrente

* Fordeling av dei nye investeringsmidlane med 115 mill. kroner til Lindås og 85 mill. kroner til Meland

* Prioritering av prosjekt Fv. 564 Fløksand-Vikebø opp som nr. 2 av prosejkta i Meland

* Prioritering av trafikksikring/undergang Holme opp som nr. 3 av prosjekta i Meland

Elles er prioriteringane som før.

Den nye pakka er på 1,405 milliardar kroner mot 1,205 milliardar kroner for den førre pakka. Men auken i ramma føreset at Hordaland fylkeskommune vidareførar sin del på 27 prosent i pakka. Det utgjer 54 millionar kroner. Dersom ikkje fylket går vidare med sin del, må den økonomiske ramma reduserast.

LES OGSÅ: undefined

– Dette er betent

No vil altså Vatnøy og FrP kreva ei lovlegkontroll av det som har gått føre seg.

– Me er usikkre på kor saka kjem frå. Dette er høgt betent, meiner han.

Ståle Hauge (AP) var og einig med Vatnøy og Framstegspartiet at det var spesielt at ei høyring skulle stemmast over i kommunestyret.

– Bompengesaka har ridd meg som ei mara i sju år, seier han.

– Det eg er mest skuffa over er politikarar eg har sett opp til og som har vore mentor for politikaren Hauge både i eige parti, kommunestyret og andre plassar i fylket. Folk som har sagt at må ha respekt for vedtak. Det har det knapt nok vore i dei sju åra eg har vore med, seier han.

Han støttar likevel ikkje eit forslag om lovlegkontroll i utgangspunktet.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun prøvar å oppklara litt av forvirringa rundt om dette var ei høyring eller ikkje.

– Det ein stemmer over i dag er dei justeringane som er gjort. Seier ein nei, står saka framleis med det førre vedtaket som Lindås gjorde, seier han.

Han viser til at det er Fylkestunget som tek ei endeleg avgjerd i saka, ikkje Lindås kommune.

Saka er på høyring rundt i Nordhordland no og skal opp til endeleg handaming i Fylkestinget i juni.

LES OGSÅ: undefined