Solidaritet i Nordhordland

Av
Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

«Meland har ikkje levert», seier styreleiar Pål Kårbø i Nordhordlandspakken i Nh laurdag 20. feb. Kva type påstand er dette? Både ordførar og representantane i kommunestyret har levert, både vedtak og stor politisk innsats. Det som ikkje blei levert, var det forventa kommunestyrevedtaket med eit fleirtal FOR bompakken, eit av to moglege. Fleirtal FOR eller fleirtal MOT har sjølvsagt heile tida vore reelle moglege alternativ, det er derfor denne lokaldemokratiske prosessen har vore så spennande – og engasjerande!

Om full tilslutnad frå alle kommunane skulle vore einaste moglege utfall, hadde prosessen ikkje vore demokratisk. Fylket la sjølvsagt sterkt press på kommunane i premisset at «alle kommunane må vera FOR før det kan bli ein bompakke». Underforstått, ein kommune MOT set bom for HEILE pakken. Det låg dermed som eit logisk og demokratisk heilt legalt alternativt utfall som følgje av premisset «alle for ein».

«Meland har ikkje levert» er derfor ein type maktpåstand som prøver å definere kva som er rett eller galt resultat. Men her er det ikkje snakk om rett eller galt, men demokratisk. Meland har levert eit heilt legalt demokratisk vedtak, kanskje det best grasrotgrunnfesta vedtaket av alle vedtaka i dei involverte kommunane! Godtek ikkje Fylket og dei andre kommunane det, underkjenner dei samtidig dei demokratiske premissane dei sjølv har sett for handsaming av prosjektet. Då har alt kommunestyrearbeidet med pakken berre vore demokrati for «syns skyld». Derfor er alt snakk om «usolidarisk» frå Meland i seg sjølv usolidarisk, og ei underkjenning av alvor og seriøsiteten hos melandspolitikarane.
Solidaritet på fleire nivå.

Då pakken si skjebne låg i kommunestyra, må også solidaritetsvurderingane starte der.

Solidaritet mellom kommunane.

Mye solidaritet har kome fram mellom kommunane - i arbeidet med å sy saman pakken, i tilpassing og aksept for kvarandre sine ønskje og behov, i handsaminga i kommunestyra, i fleire omgangar. Om ein vil, kan ein tolke dette som eit positivt teikn for ein framtidig storkommune.

Men premisset «Ein for alle, alle for ein» , har som sagt legalisert alternativet, at Nei frå ein betyr Nei for alle. Då kan ein ikkje etterpå skylda EIN for å vera usolidarisk, og skyldig i å sette heile regionen si framtid i spel, om ein kommune til slutt ikkje stemmer som dei andre. Premissane for prosessen har lagt ope for også det alternativet.

Solidaritet i eigen kommune.

Eit anna premiss for prosessen var at avgjerda skulle tas i kommunestyra, og der har representantane først og fremst plikt til å visa solidaritet med dei som har stemt dei inn. Det gjer det lett for dei som er valt inn på ein prinsipielt Nei til bompengar, verre for oss andre. Me må både lytte til folkemeininga og stå for det programmet me er valt inn på.

Kva om folkemeininga då går mot partiprogrammet? Kva om folk felst, eit fleirtal, var FOR pakken, kva ville Frp gjort då? For MDG sin del har me tolka denne solidariteten ned til veljarane våre verken som eit klart JA- eller NEI- mandat til bompengar. Men grasrotdemokrati betyr mye for oss, derfor kan me ikkje ignorere meiningsmålinga i Meland. Mest av alt likevel er vårt mandat å tale klima sin sak, på kommunenivå. Det tolkar me som veljarar våre si hovudsak. Då må me også vurdere ein tredje type solidaritet.

Solidaritet framover, med kommande generasjonar.

«Kvar generasjon må levere kloden frå seg i betre stand til neste generasjon» - sa Kongen frå sørpolen. Kongen er raus, ser stort på det. Men akkurat å levere kloden vidare i BETRE stand har særleg vår generasjon ingen sjanse til. Det me kan og må, er å bremsa opp og forsøka å leggja om kursen i grøn lei. Ikkje berre leggja oss til ein grøn retorikk, men ta strevet med å tenkja nytt og prioritera grønt, og arbeide fram ein grøn politikk. I solidaritet med kommande generasjonar, i Meland, Nordhordland, nasjonalt og globalt. Derfor kan me ikkje støtta ein samferdsleutvikling som aukar privatbilisme og godstransport på veg, aukar forureining og skader på helse, natur, miljø og klima. Slik pakken legg opp til. Pakken representerer ikkje transportløysingar for ei grøn framtid for Nordhordland. I solidaritet med kommande generasjonar må me sei Nei no, og så starte nybrotsarbeidet det er å få til ei grøn utvikling i Nordhordland.


 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags