Svar til Petter H. Fosse

Bildetekst Bildetekst

Bildetekst Bildetekst

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Lesarbrev«Ikkje skyt på pianisten, Per Lerøy» skriv du i overskrifta. Gode sosialdemokratar er fredelege folk som verken skyt eller brukar andre formar for vold, men det må vera lov å få fram fakta i ei sak utan at folk skal føla seg støtt av den grunn.

Storsamfunnet betalar for eit langt betre kollektivtilbod i søre delen av Nordhordland enn i resten av regionen. Det er også ei sanning at båtruta til Bergen er sterkt subsidiert, men eg er absolutt ikkje ute etter vanlege dagpendlarar eller dei som brukar båtruta mellom Knarvik, Frekhaug og Bergen.

Tvert om er eg ein av dei som gjennom mitt politiske arbeid har vore med å kjempa fram båtruta og som ønskjer at denne skal utviklast og forbetrast, mellom anna med fleire avgangar og meir miljøvenlege båtar. Med det sårbare vegnettet som er i Bergensområdet, er det rett å flytta noko av persontransporten tilbake til fjorden sjølv om dette inneber høge kollektivkostnader.

At folk i Meland ikkje ønskjer å vera med på eit spleiselag i Nordhordland for å betra infrastrukturen og gjera Nordhordland til ein betre og meir effektiv region, er eit val dei gjer og det valet må me andre berre respektera.

I mitt lesarinnlegg 21.2. prøvde eg å få fram konsekvensane av å takka nei til Nordhordlandspakken. Vår region vil på grunn av dette vedtaket, tapa konkurransekraft i høve til dei andre regionane i Bergensområdet og dette vil på sikt hemma vår regionale utvikling. Dette vil enten føra til redusert folkevekst i regionen, eller til meir pendling frå Nordhordland til Bergen.

Politikk er prioritering og prioritering betyr å velja bort. Når fylkeskommunen vel å satsa sterkt på kollektivtransport i områder der det bur mykje folk, må dei også velja bort noko, til dømes vegbygging. Ein kan sjølvsagt tru at ein kan gjera som Ole Brumm og seie ja takk begge delar, men når fylkeskassa er tom, går ikkje det. Optimistane trur då at Bård Hoksrud kan vera ein reddande engel, men også han slit med å finna friske midlar.

Seinast denne veka vart den godaste Hoksrud spurt om kor tid ein kunne koma i gang med bygginga av tunnelen under Vikafjellet. Eg går ut frå at alle er godt kjent med at dette var eit av dei mange valløfta frå Frp før Stortingsvalet i 2013. Svaret frå Hoksrud er at han framleis leitar etter pengar, men at han har store vanskar med å finna friske midlar sjølv i statskassa.

Eg slutta tidleg å tru på julenissen og no trur eg verken på julenissen, Hoksrud eller Solvik-Olsen. Vil me ha nye vegar i Nordhordland, må me ordna dette sjølv.

Med ein takst på kr 14,- for kvar passering og ein maksimalpris på kr 650,- per månad, er dette til å leva med for folk flest. La oss derfor saman få på plass ein ny Nordhordlandspakke og gå i gang med å byggja det nye, moderne og framtidsretta Nordhordland. Det vil alle vera tent med i framtida.


Med ønskje om ei strålande helg til alle i heile Nordhordland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags