– Dette var fordeleg dårleg. Dårleg forsvar og dårleg over alt, seier Veronica Juvik etter at Knarvik sitt damelag hadde tapt heile 7-29 mot Vadmyra, heime i Nordhordlandshallen.
Til pause var det heile 3-18.
– Me skjerpar oss i andre omgang, så det vert litt betre då, meinar ho.
Men ho innser og realitetane.
– Me rykkar nok ned til 8. divisjon neste år, innser ho.
Som resultatet avslører, så vart det aldri nokon spanande kamp, sjølv om det var to botnlag som møttes. Vadmyra stakk av frå starten, og Knarvik fekk av og til lov å avslutta. Som oftast utanfor.
– Det som er vanskeleg er at me her ute berre har eit lag, medan me møter bylag med fyrstelag og andrelag, peikar Juvik på.
Ho viser til eit døme der dei eit år møtte Bjørnar, som dei slo heime i Nordhordlandshallen.
– Men då me møtte dei på bortebane, hadde dei med seg spelarar frå 1. divisjon, seier ho.
Knarvik-laget trenar to gonger i veka, og plar ha rundt 14 spelarar på kvar trening. Problemet er variasjonen i laget. Juvik er 40 år gammal, medan ein spelar som Nathalie Moberg berre er 16.
– Me har berre desse spelarane me har. Mange av dei er unge og ikkje så tøffe, peikar ho på.
Til neste sesong vert det altså truleg speling på landets niande høgaste nivå.
– Då vert det litt annleis, då møter me dei som har berre eit lag og, sluttar Juvik.