Nordhordlandsbrua fyller 25 år – feirar med jubileumsbok

Av

Søndag er det 25 år sidan Kong Harald opna Nordhordlandsbrua. Ei bok frå den gongen er trykt i nytt opplag, med ein ny tilleggsdel om ringverknadane.

DEL

Fredag 22. september 1994 var det eit heilt folkehav rundt bombuene på Flatøy; bymann og stril, små og store, og eit svært oppbod av media. Tusenvis av festkledde menneske var til stades.

Det vart i samband med bruopninga laga ei bok om bruprosjektet, som no er trykt i nytt opplag med ein tilleggsdel som fortel om ringverknadane av brua.

– Ein epoke var over. Norges største ferjesamband, Knarvik-Steinestø, hadde fått avløysing. Nordhordlendingane kunne kjøra over fjorden til alle tider på døgnet, utan å venta på neste avgang. Mange snakka om ei ny tidsrekning for distriktet vårt. Når me ser kor stor betydning brua har hatt for regionen vår, synest me det absolutt var på sin plass å trykka eit nytt opplag av «Nordhordlandsbrua – frå kongstanke til røyndom» i samband med 25-årsjubileet, seier Johannes Fosse, Einar Vatne, Rune Brundtland, Arthur Kleiveland og Paul Scholz, som har vore med i boknemnda.

Skrekkscenarier gjort til skamme

I dag er døgntrafikken nådd rundt 18 000 kjøretøy. Brutrafikken er omtrent tredobla sidan første året med fastlandssambandet.

– Strilane hadde i årtier arbeidd med den store draumen om å kryssa den lange og djupe Salhusfjorden med bru i staden for med ferje, og fekk løn for strev, seier trioen. Fosse var også svært engasjert politisk i arbeidet med brua over Salhusfjorden, både som Meland-ordførar og fylkestingsrepresentant. Dei er alle strålande tilfreds med bruløysinga, og konstaterer at alle skrekkscenaria om negative konsekvenser vart gjort til skamme.

– Ingen ting har slått til av elendigheita som skulle ramma distriktet vårt. Mange var sikker på at kriminaliteten ville auka kraftig på nordsida av brua, men heller ikkje det slo til. seier mangeårig lensmann Einar Vatne.

– Og Osterfjorden har heller ikkje vorte islagt vinterstid, ostringane har ikkje frose inne, som enkelte frykta, supplerer Fosse.

Nordhordlandbrua fyller 25 år sundag 22. september 2019. Ei bok frå opninga er trykt opp i nytt opplag, med ein tilleggsdel om ringverknadane. Boknemnda er Einar Vatne (f.v.), Paul Scholz, Rune Brundtland, Arthur Kleiveland og Johannes Fosse.

Nordhordlandbrua fyller 25 år sundag 22. september 2019. Ei bok frå opninga er trykt opp i nytt opplag, med ein tilleggsdel om ringverknadane. Boknemnda er Einar Vatne (f.v.), Paul Scholz, Rune Brundtland, Arthur Kleiveland og Johannes Fosse. Foto:

Bilistane betalte, ikkje staten

Boknemnda er framleis skuffa over at kontrollkomiteen på Stortinget kom med hard kritikk for overskridingar av brukostnadane.

– Kostnadssprekken var nemleg ikkje så stor dersom ein tok høgde for ei framskriving av dei opprinnelege kostnadsgrunnlaget. Dessutan fekk Stortinget den «miljøbrua» dei ba om, med teknologiske løysingar som naturleg nok var fordyrande. Dessutan var det ikkje staten som betalte for brua – det var det trafikantane som gjorde. Når alt kjem til alt var det statlege bidraget null og niks. Alt dette vart informert om då medlemar i kontrollkomiteen var på synfaring i forkant av høyringa i Stortinget. Men det såg ut til å vera gløymt i høyringa i kontrollkomiteen.

Boka om Nordhordlandsbrua er eit dokument over det viktigaste samferdselsprosjektet i Nordhordland nokon gong, krydra med mange fine fotos frå gamal og nyare tid. I tilleggsdelen får lesarane eit godt innblikk i ringverknadane av brua.

Vaierane på brutårnet på Nordhordlandsbrua.

Vaierane på brutårnet på Nordhordlandsbrua. Foto:

Ein hyllest til brua

– Dette er ein hyllest til Nordhordlandsbrua, men me har ikkje tatt mål av oss om å fortelja den fulle og heile historia om brua og ringverknadane etter 25 år. Dette blir smakebitar om korleis brua har gjort livet lettare på så mange område, seier boknemnda. Dei peikar på at det aldri har budd fleire menneske i Nordhordland enn no, aldri vore fleire arbeidsplassar, og livsvilkåra våre er betre enn nokon gong.

– Nordhordland har kome nærare Bergen, Norges nest største by, og byen og resten av verda har kome nærare Nordhordland. Også ved 25 årsmarkeringa for Nordhordlandsbrua slår dei fast at flytebrua over Salhusfjorden står som eit monument både over stor ingeniørkunst og kva som går an å oppnå ved godt samarbeid.

Artikkeltags