Siste dag med godvêr

Foto:

Av

Nyt dagen tysdag, for onsdag er det slutt på finvêret

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

No vert det lenge til du får sjå slike solnedgangar igjen, om prognosane til meteorolog Gunnar Livik ved Vêrvarslinga på Vestlandet slår til.

Etter ein periode med kaldt og klart vêr ligg fleire lågtrygg klar til å komme innover kysten med vind frå sør og sørvest, mildare temperaturar på rundt 4–5 grader og nedbør.

– Det ser fint ut tysdag og onsdag morgon. Utover ettermiddagen og kvelden onsdag skyar det til, og onsdag kveld er det venta nedbør og sørleg liten kuling lang kysten, seier Livik.

Lågtrykk i kø

Kor lenge gråvêret vil vare er uvisst, men så langt prognosane rekk er det lite vinteridyll å finne.

– Det er venta periodar med regn torsdag, noko lettare vêr fredag og nedbør i helga. Det ser ut til å halde fram slik med nye lågtrykk og frontar utover i neste veke, seier Livik.

Grå normal

Det er ikkje venta dei heilt store nedbørsmengdene, og heller ikkje vind i nokon ekstreme mål. Derimot er vêromslaget ei vending tilbake til ein grå normal.

Snø må ein over 6–800 meter for å treffe i veka som kjem, ifølge meteorologen.

Artikkeltags