MF Fedjefjord tilbake i drift

Fedje er utan ferjeforbindelse søndag formiddag. Foto: Trond Roger Nydal

Fedje er utan ferjeforbindelse søndag formiddag. Foto: Trond Roger Nydal

Artikkelen er over 3 år gammel

Ferja Fedjefjord var innstilt søndag morgon.

DEL

Ferja MF Fedjefjord, som opererer på sambandet Fedje-Sævrøy, vart innstilt søndag morgon. Det melder ferjeselskapet Norled, som opererer på sambandet.

Ferja vart satt ut av drift like før klokka 09 og avgangen klokka 0915 frå Sævrøy vart kansellert. Årsaka skuldast tekniske problem.

– Vi har litt tekniske problem med strømforsyninga, men det er ikkje noko dramatikk i dette her, seier kaptein Lennart Knutsen til Avisa Nordhordland i 0930-tida.

Når er problemet løyst, trur du?

– Det veit eg ikkje, men eg reknar med vi ganske snart er i rute igjen. Vi skulle gått kvart over ni frå Sævrøy og har avgang klokka 1045 frå Fedje. Eg håpar vi er i rute til den avgangen, seier kapteinen.

Klokka 1052 opplyste Norled at Fedjefjord var tilbake i drift og går i normal rute med avgang frå Sævrøy klokka 1120.

Kapteinen fortel at Fedjefjord nettopp har vore inne på sin årlege service. Straumferja skal difor vera i god stand. 

– Dette går kun på innstillingar. Vi kom frå vårt årlege verkstadopphald i går kveld, så dette handlar kun om nokre justeringar. Vi har folk frå Siemens ombord, fortel kapteinen.

Det var kun eit par bilar som stod ferjefast på Sævrøy søndag morgon.

Artikkeltags