Meiner Ampere må bli nasjonal ferjestandard

Første i sitt slag: Elferja Ampere var den første i sitt slag då den vart sat i drift på Lavik-Oppedal i januar i år. Dei neste åra kjem det truleg fleire elferjer her til lands.FOTO: TROND ROGER NYDAL

Første i sitt slag: Elferja Ampere var den første i sitt slag då den vart sat i drift på Lavik-Oppedal i januar i år. Dei neste åra kjem det truleg fleire elferjer her til lands.FOTO: TROND ROGER NYDAL

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Fleire ferjesamband får truleg elferjer som Ampere i åra framover. I alle fall om miljøorganisasjonen ZERO får det som den vil.

DEL

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

Tysdag tok ein tropp på 110 personar turen frå Bergen til Oppedal for å ta Noregs første elferje Ampere nærmare i augnesyn. Det var Kollektivtrafikkforeningen i samarbeid med miljøorganisasjonen ZERO som sto bak synfaringa etter først å ha arrangert eit seminar i Bergen.

– Blant anna jobbar vi med å visa fram teknologiske løysingar som er moglege innan transportsektoren, og medrekna drift av ferjer. Vi ønsker å bidra til at ein skal utnytta det politiske handlingsrommet som finst for å ta miljøvennleg teknologi i bruk, seier teknologisk rådgjevar Benjamin Myklebust til Avisa Nordhordland.

ZERO blir finansiert av private midlar frå næringslivet og diverse offentleg prosjektstøtte.

Fylkessambanda neste

I ei pressemelding organisasjonen sende ut før tysdagens studietur er organisasjonen klar på at elferjer også må inn på fylkessambanda – i tillegg til riksvegnettet.

– Frå før har Stortinget vedteke at alle statlege ferjeanbod skal ha krav til nullutsleppsteknologi. No forventar vi at fylka kjem etter, seier teknologiansvarleg Marius Gjerset i pressemeldinga.

ZERO krev difor at regjeringa legg opp til anbodsprosessar der elferjer blir eit krav.

Neste ut er Anda-Lote

Det neste offentlege anbodet der det er krav til batteriferje er no annonsert for sambandet Anda-Lote i Sogn og Fjordane.

Der blir det stilt krav til elektrisk ferje i form av ei låg- eller nullutsleppsferje på anten straum og/eller biodrivstoff.

– Det er viktig at fylka no kjem i gang med skiftet til utsleppsfri teknolog, seier Gjerset.

På spørsmål om kor mange samband organisasjonen ser for seg elferjer på samla her i landet, svarer ZERO-kollega Myklebust:

– I praksis ønsker vi at alle ferjesamband skal driftast med ferjer som går på fossiltfri drivstoff, hydrogen eller fornybar biodrivstoff, svarer han og viser til fersk forsking som skal gjera dette mogleg.

Ampere driftast av Norled og vart sett i drift på Lavik-Oppedal i slutten av januar i år. Etter ein del innkøyringsproblem i starten, som førte til trugsmål mot dei tilsette, er elferja no i stabil drift.

Ferja vart bygd på eit verft i Omastrand. Den er 80 meter lang og har kapasitet til 120 bilar.

Artikkeltags