No utvidar Radøygruppen til Gran Canaria

OPTIMISTISK: – Vi har tru på at det kan bli veldig stort. Berre vi organiserer oss skikkeleg, er alle moglegheitene der, seier Ståløy til Sysla.

OPTIMISTISK: – Vi har tru på at det kan bli veldig stort. Berre vi organiserer oss skikkeleg, er alle moglegheitene der, seier Ståløy til Sysla. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Radøygruppen skal satse både på Vestlandet og Gran Canaria framover.

DEL

Det skriv Sysla onsdag.

– Vi opererer i vedlikehaldsmarknaden for rigg og fartøy, og då er Gran Canaria eit naturleg knutepunkt i verda, seier Lasse Ståløy, sjef for RadøyGruppen, til Sysla.

I tillegg til å vere ein populær feriedestinasjon for nordmenn er Kanariøyene eit område for stor aktivitet og trafikk mellom Asia, Europa og Amerika.

– Det er naturleg for oss å etablere oss der, sidan mange av dei same kundane som opererer i Nordsjøen også opererer der, seier Ståløy.

Ifølge Sysla skal RadøyGruppen leige lokale og kaier av Gran Canaria Subsea & Offshore Base.

Men også her i Nordhordland skal RadøyGruppen utvide.

Selskapet satsar no ein halv milliard kroner på å utvide bedriftseigedommen med 70 mål ut mot havet i Vetås, Radøy.

Her skal dei doble kapasiteten og bygge to store hallar til subsea-aktivitet, samt ein 200 meter stor kaifront.

Sjølv om RadøyGruppen fekk eit negativt driftsresultat på over 13 millionar kroner i 2015, har Ståløy trua på satsinga framover – både utanlands og heime.

– Vi har erfaring frå ganske store rigg- og fartøys-jobbar frå før, så dette kan vi. Vi har tru på at det kan bli veldig stort. Berre vi organiserer oss skikkeleg, er alle moglegheitene der, seier Ståløy til Sysla.

Artikkeltags