Klart for Radøyløpet

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Det tradisjonsrike Radøyløpet går av stabelen måndag 2. pinsedag. Som vanleg kan arrangøren freista med fine premiar trekt på startnummer.

– Bli med på vårens vakraste eventyr, eit turløpi vakker natur i Bøvågen, reklamerer arrangøren.

Radøyløpet vert arrangert for 37. gong, med start og  innkomst ved idrettsbana på Bø.

I turklassen er det fleire løyper å velja mellom, noko for ein kvar smak. Som vanleg kan ein kombinera turen med naturgudsteneste i «Katredralen».

Deltakarane i konkurranseklassen legg i veg på sine 8,1 km på veg og gjennom Bømarkane.

Hovudpremien i år er eit gåvekort på 10 000 kroner, pluss ei rekkje fine gåvepremiar frå andre verksemder.

Artikkeltags