Rosmari (26) frå Radøy med toppverv i studentorganisasjon med 12.000 medlemmer

Rosmari Grindheim Valdersnes (26) frå Radøy er valt som nestleiar i sentralstyret til NITO Studentene med 12000 medlemmer.

Rosmari Grindheim Valdersnes (26) frå Radøy er valt som nestleiar i sentralstyret til NITO Studentene med 12000 medlemmer. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Valt til nestleiar i sentralstyret til NITO Studentene.

DEL

NITO er Norges største organisasjon for ingeniørar og teknologar med bachelor, master og høgare grad med over 86.000 medlemmer. Dei har også ein eigen studentorganisasjon, NITO Studentene, som består av 12.000 medlemmer.

No er Rosmari Grindheim Valdersnes frå Radøy valt som organisatorisk nestleiar i sentralstyret til NITO Studentene. Dette skjedde under landsmøtet sist søndag.

– Som organisatorisk nestleiar ønsker eg å bidra til å gjere NITO Studentene til ein endå betre organisasjon for våre medlemmer, og å hjelpe lokallaga til å få ut sitt fulle potensial, seier Grindheim Valdersnes i ei pressemelding.

26-åringen har lang fartstid som tillitsvalt i NITO-studentane. Sidan 2013 har ho hatt ulike verv i organisasjonen, og det siste året har ho vore medlem i sentralstyret som regionansvarleg.

Rosmari Grindheim Valdersnes startar i det nye vervet som organisatorisk nestleiar 1. juli, og ser fram til å ta fatt på oppgåvene.

– Det er utruleg inspirerande å sjå at så mange engasjerer seg for NITO Studentene og for alle ingeniør- og teknologistudentar i Norge. Vi skal fortsette å fremje NITO Studentenes politikk, og ei av dei viktigaste sakene vi jobbar for er å få betre finansiering av ingeniør- og teknologiutdanningene, seier ho i pressemeldinga.

Artikkeltags