Til minne om John Pettersen

John Pettersen vart tildelt den høgste franske heider,  Æreslegionens ordensteikn av Ridderklasse, for sin innsats i 99. bataljon under krigen. Her er Pettersen saman med den franske forsvarsattacheen, oberst Frédéric Bartéi, som stod for utdelinga. Foto: Privat

John Pettersen vart tildelt den høgste franske heider, Æreslegionens ordensteikn av Ridderklasse, for sin innsats i 99. bataljon under krigen. Her er Pettersen saman med den franske forsvarsattacheen, oberst Frédéric Bartéi, som stod for utdelinga. Foto: Privat

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

No er ein av dei siste og mest kjende krigsveteranane i Nordhordland gått bort. John Pettersen døydde 15. d.m. 101 år gamal.

Ein livsglad og god forteljar er borte. Han var glad i familien sin og snakka ofte om borna sine og barnebarna. Han var glad for at dei  var med han til Utvandringssenteret på Sletta og bautaen for den Amerikansk-Norske 99. bataljonen under utvandringsfestivalen.  I mange år var det han som kjøpte krans og ordna med  talar.

LES OGSÅ: – Han var ein krigshelt, men det var freden og livet han kjempa for

Han ville helst ha ein person med høg militær grad til å leggja ned kransen som barnebarna bar fram til han. Forsvarsforeininga, der Pettersen er æresmedlem, har alltid stått flaggvakt ved bautaen. Han var opptatt av at markeringa måtte halda fram, og vart ikkje roleg før Sletta-senteret hadde tatt på seg ansvaret å føra tradisjonen vidare.

LES OGSÅ: Krigshelten John Pettersen (101) har gått bort

Då prosjekt Vestaver starta filmopptak og samtalar med krigsveteranar frå siste verdskrig, fortalde John Pettersen om livet sitt og særleg om tida si i 99. bataljon. Det var hardtrening i Colorado med vinter og skitrening, for så å dra til Stor Britania i Wales og førebu seg til invasjon gjennom Frankrike.

LES OGSÅ: Han elska landet, flagget og fridomen han stod opp og kjempa for med livet som innsats

Han fortalde om harde kampar og fleire slag, og store tap av menneskeliv på båe sider av fronten. Han visste aldri kor tid det vart hans tur.  Han var stolt av at general Eisenhover ville ha soldatar frå 99. bataljon i si sikkerheitsteneste, og  då freden kom vart dei valde ut til vakt for Kong Haakon i Oslo.  Vestaver-filmane vart i fleire år vist fram, m.a. for ungdomsskuleklassar, der Pettersen sine forteljingar gjorde sterkt inntrykk på elevane.

LES OGSÅ: John Pettersen 101 år: – Eg håper dei forstår

Alle forstod bodskapen hans om kor viktig det er å ta vare på fridomen han kjempa for og slå ring om konge og fedreland.

Han har også vore fast flaggvakt i mange år på 17. mai-markeringa ved bautaen på Kvalheim.

Me har hatt glede av å vera i kameratkretsen hans og fått delt rike opplevingar saman med han og familien.

I stor takksemd lyser me fred over minnet etter John. 

Fredrik Rongevær og Johannes H. Fosse

Artikkeltags