Korpset får 60 000 kroner for tre turar

HORDABØ SKULEKORPS: Frå vellukka musikal-framsyning går Hordabø skulemusikklag ut i naturen 1.mai. Korpset har fått 60.000 kroner til friluftsturar.

HORDABØ SKULEKORPS: Frå vellukka musikal-framsyning går Hordabø skulemusikklag ut i naturen 1.mai. Korpset har fått 60.000 kroner til friluftsturar.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Skulekorps på friluftstur 1. mai.

DEL

Hordabø skulemusikklag er klar for friluftstur. Korpset skal spela på den tradisjonsrike 1.mai-turen frå Austebygd skule som Sletta bygdelag og Hordabø skulemusikklag arrangerer ilag.

Friluftsturen 1. mai er ein av fleire turar som Hordabø skulemusikklag skal vera med på i løpet av året, i samband med at korpset var eitt av 18 i Hordaland som vart trekt ut til å vera med i eit prosjekt som NMF Hordaland og Gjensidige-stiftelsen står bak.

Skulekorpset har fått 60.000 kroner i pengegåve, som dei får utbetalt når dei har gjennomført tre friluftsturar. Pengane skal brukast til instrumentkjøp eller musikalsk utvikling.

Hordabø skulemusikklag har første friluftsturen sin på 1. mai-turen til Sletta bygdelag. Den startar på Austebygd skule kl. 13.00, og turen går mot Gjerde. Korpset spelar før start og ved endestoppet.

– I søknaden kom korpset med forslag til turar og korleis me kan skapa aktivitetar rundt turane dei skal vera med på, fortel Vibeke Namtvedt, styrleiar i Hordabø skulemusikklag.

Artikkeltags