«Flash mob» for å fremja bonden

Artikkelen er over 3 år gammel

Bondelaga i Nordhordland tek i bruk nye verkemidlar for å fremja bonden.

DEL

Torsdag dukka bondelaga i Nordhordland opp i Knarvik Senter, saman med Hjelmås mannskor som song «Ein bondesong». Medan mannskoret song, delte bøndene ut fårepølsa, cherrytomater og gulrøter.

– Bakgrunnen til at vi arrangerte ein slik «Flash-mob» var at me ville gjera noko overraskande og nytt no i jordbruksforhandlingane, fortel leiar i Radøy Bondelag, Kari Heggernes Kvammen.

LES OGSÅ:

Dei handlande i senteret fekk eit avbrekk i shoppinga då musikken starta og dei 20 elevane braut ut i spontandans på stortorget i senteret. VIDEO: Ask Eirik Thorsen

Viktig fokus

– Me i bondelaga vil med dette bodskapet få fram at det er viktig med bønder i Nordhordland. At dei lagar mat til folket her og pleiar kulturlandskapet. Vi vil få fram kor maten kjem ifrå. Det er ikkje alle som veit at det står ein bonde bak mjølka, kjøtet, pølsene og brødet du kjøper på butikken, seier Kvammen.

Ein «flash mob» er ei gruppe menneske som plutseleg dukkar opp på ein offentleg stad, der dei utfører ein morosam eller uvanleg handling. 

Handlande såg ut til å setja stor pris på stuntet frå nordhordlandsbøndene.

– Norsk mat, er båd trygg sunn og viktig, seier Heggernes.

Artikkeltags