Ikkje ta telefonen!

Artikkelen er over 4 år gammel

Telefonsvindlarar som ringer og hevdar dei er frå Microsoft har vore svært aktive i vårt distrikt den siste tida.

DEL

Det fortel Evelyn Bjørge i MTI it-service. Ho fortel at dei har fått fleire meldingar frå folk i vårt distrikt som har blitt oppringt av eit lengre telefonnummer frå England.

Vil ha kontoll over din PC

– Det verkar å vera ein storaksjon i vårt distrikt, og folk må for all del ikkje gjera som dei blir instruert om i telefonsamtalen, åtvarer Bjørge. Ho fortel at dei som ringer ber deg om å gå inn på PC-en, og losar deg gjennom ei rekkje ting du skal gjere. Det du då gjer er å gi dei kontroll over din PC.

Legg på

– Får dei deg i tillegg til å betala for ein tjeneste så har du verkeleg lagt egget. Då har du også opna kontoen din, seier Bjørge. Ho har ei oppmoding til folk som vert ringt opp;

– Avvikle telefonsamtalen med ein gong dersom du tek telefonen. Det er ikkje microsoft!

Artikkeltags