Éin million nordmenn tek ferie med botnskrapa konto: Bank forventar lånesmell

Mange nordmenn koser seg på ferie i disse dager. Men det kan bli tøft for privatøkonomien, om du ikke har penger liggende.

Mange nordmenn koser seg på ferie i disse dager. Men det kan bli tøft for privatøkonomien, om du ikke har penger liggende. Foto:

Av

Ei ny undersøking viser at ein av fem nordmenn tar ferie utan oppsparte middel. No åtvarar bank mot forbruksfest på kreditt.

DEL

[Nettavisen]: I den årlige undersøkinga gjennomført av YouGov for banken Bluestep, kjem det fram oppsiktsvekkjande tal om nordmenns privatøkonomi.

Sjølv om norsk økonomi går godt og nordmenn får stadig betre råd er det heile ein av fem som ikkje er klare for korkje renteauke eller uventa utgifter. Spesielt tydeleg blir det når familien gjer seg klar for den årlige sommarferien.

Åtvarar mot kredittsmell

– Med renteauke og botnkrapte sparekontoar, er det mange som kjem til å finansiera ferien med kredittkort. Sjølv om dei fleste klarar å betena eit ferielån, ser vi kvart år svært mange eksempel på det motsette, seier Arne Martin Koppen som er marknadsføringssjef i banken Bluestep.

Banken spesialiserer seg på å refinansiera kredittgjeld for folk med mykje forbrukslån og kredittkortgjeld.

– Når hausten kjem opplever vi stor pågang av menneske som har mista kontrollen på økonomien gjennom sommaren, og ikkje klarar å henta seg inn når kvardagen kjem, seier han til Nettavisen Økonomi.

Dette seier undersøkinga

  • 62 prosent har ikkje månadsbudsjett.
  • 21 prosent har ikkje sett av pengar til uventa utgifter.
  • 33 prosent har eitt eller fleire forbrukslån.
  • 28 prosent meiner det er tabu å snakka om økonomiske problem.

Med gjeldsregisteret blir det meir pågang

Gjeldsekspert Arne Martin Koppen meiner det vil bli ekstra stor pågang i år, om nordmenn ikkje passar ekstra godt på. Grunnen er at for første gang er eit felles gjeldsregister innført i Norge.

Ifølge undersøkinga er det allereie ein av tre som oppgir å ha eitt eller fleire forbrukslån. Like mange seier også at dei ikkje kan handtera meir enn 2000 kroner meir i månedlige utgifter før det går utover den personlege økonomien.

– Mange har gjeve seg vanar som gjer at noko så enkelt som ei øydelagt vaskemaskin eller ein knust mobiltelefon kan velta ferieøkonomien. I tillegg veit vi at økonomiske problem er skambelagt, og at mange held problema for seg sjølv heilt til det er for seint. Det er ingen god kombinasjon, seier han.

Koppen meiner det luraste er å berre feriera innanfor rammene av det du har råd til, og anbefalar alle å setta opp eit månedsbudsjett – og eit feriebudsjett.

– Ofte kan noko så enkelt som eit lite feriebudsjett vere løysinga. Sett opp ein oversikt over midla du har til gode, og fordel disse på ønska aktivitetar. Dersom du må låna litt, er ikkje det sikkert at det er så risikabelt. Berre sørg for at du har oversikt når du må betala det tilbake.

Artikkeltags