Miriam (20) ligg på vippen i TV2 sin musikkonkurranse «The Stream»

Lagar musikk: Miriam Ypsøy har laga raplåta «Perspektiv», og konkurrerar no om å få bli mest mogleg «streama».foto: privat

Lagar musikk: Miriam Ypsøy har laga raplåta «Perspektiv», og konkurrerar no om å få bli mest mogleg «streama».foto: privat

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Miriam Ypsøy (20) hadde aldri vurdert å melda seg på ein musikkonkurranse. Så vart ho kontakta av TV2.

DEL

I skrivande stund ligg ho på 101. plass. Dei hundre mest streama innan midnatt går vidare i konkurransen.

LES OGSÅ: Sjå topplista til «The Stream» her

Miriam, som bur på Frekhaug, har alltid elska musikk og vore glad i å synga, men trudde aldri ho skulle vera med i ein musikkonkurranse.

– Eg har sett på Idol og liknande program, men har tenkt at eg sjølv ikkje er god nok til å vera med på noko slikt, så eg har eigentleg aldri tenkt på å melda meg på liknande program, seier ho.

TV2 tok kontakt

I desember vart ho kontakta av ei som jobbar i TV2, som hadde oppdaga Miriam på Soundcloud. Ho spurde om Miriam ville vera med i TV2 si musikkonkurranse, «The Stream».

– Eg vart veldig smigra, og synest det var gøy, samtidig kom eg med mange motargument til meg sjølv og sa til meg sjølv at dette ikkje var noko for meg.

Miriam var lenge i tvil på om ho skulle melda seg på.

– Søstera mi ringde meg kvar veke og sa at eg berre måtte melda meg på, og til slutt bestemde eg meg for gjera det.

LES OGSÅ: Spelar inn tysk komedie i Nordhordland

Kan koma på TV

Konkurransen «The Stream» fungerer slik at kven som helst kan publisera ein video-audition på TV2 si «The Stream»-nettside. Det er om å gjera å verta blant dei 100 mest strømma låtane. Dei vert invitert til ein sokalla «showcase», og får møta Norges tre største plateselskap. Likar plateselskapa det dei høyrer går artisten vidare, og etter fleire utsilingar signerer plateselskapa sine favorittar. Etter signeringa opptrer artistane live på TV 2 kvar fredag gjennom hausten, og låtane deira kjem ut på Spotify.

– Nett no er min musikkvideo den åttande mest strømma, så det ser ut til at eg får vera med på «showcase», seier Miriam.

LES OGSÅ: Øvar seks timar dagleg

Folket skal dømma

Ho meiner denne måten å konkurrera på er meir «ekte» enn andre songkonkurransar.

– Her er det folket som skal dømma om låten er bra eller ikkje og ikkje tre-fire dommarar. Det er jo trass alt folket som skal høyra på musikken min, så viss dei likar det er eg gjer, betyr det mykje meir, seier ho.

På «The Stream» har Miriam lagt ut ein sjølvskriven rap-låt, som heiter «Perspektiv», kor ho mellom anna syng om forureining og kva folk bruker tida si på.

– Eg vil ikkje synga ein typisk gladlåt, som handlar om sommar og alkohol. Eg ønsker å formidla, seier Miriam og fortel at ho kjem til å fortsetta å synga rap, viss ho går vidare i TV2-konkurransen.

LES OGSÅ: Her er musikkvideoen som fekk Trond-Ole inn i Idol-sirkuset

PS! Denne saka vart først publisert 4. mars.

Artikkeltags