Utkantane kan få det betre

For samanslåing: Børge Brundtland skriv i dette innlegget at utkantane kan få det betre med kommunesamanslåing. Brundtland er dagleg leiar i inkubatoren Industriutvikling Vest i Knarvik og understrekar at dette er eit innlegg av han står for personleg. Arkivfoto

For samanslåing: Børge Brundtland skriv i dette innlegget at utkantane kan få det betre med kommunesamanslåing. Brundtland er dagleg leiar i inkubatoren Industriutvikling Vest i Knarvik og understrekar at dette er eit innlegg av han står for personleg. Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LesarbrevFå Nh+ for kun 49 kroner i åtte veker!

Sjølvsagt kan utkantane få det betre med ein ny kommunestruktur i Nordhordland! Det er ein mogelegheit som mange ikkje vil fokusera på.

Fleire frykter for økt sentralisering med ein ny kommunestruktur. Nei-menneske som einsidig fokuserer på alle dei negative konsekvensane dei ser, etter eigne utsegn, for utkantane i regionen. Klarast uttykt av medlemmer av Senterpartiet i regionen, tydelegast av stortingsrepresentant Toppe i Strilen 1. mars på spørsmålet om det er noko positivt med kommunereforma. «For lokaldemokratiet er alt ved reforma svart, beksvart», seier Toppe.

Normalt er det slik at dei som tek initiativ og visar skaparkraft er dei som får til noko. I fleira av utkantkommunane i regionen er folketalet synkande, utfordringar med å rekruttera fagpersonell og skape fleire arbeidsplassar, men likevel meiner fleire at det er best å fortsetje med same organisering. Heile regionen vår har drege nytte av kraftig auke i busetjing i sør med Knarvik som regionsenter. Vidare har Mongstad vorte den viktigaste motoren i næringslivet, også til glede for heile regionen. Korleis ville utviklinga i fleire (utkant)kommunar vore utan det som er skapt meir sentralt i regionen? Svaret bør vera openbart. Likevel ønsker fleire av kommunane å stå utanfor eit nytt mogeleg fellesskap. Dei ønsker ikkje drahjelp av eit større fellesskap. Dei har mest tru på eigne ferdigheiter, attpåtil med signal om svakare kommuneøkonomi og truleg ein sterkare nabokommune.

Normalt er det slik at dei som tek initiativ og visar skaparkraft er dei som får til noko.

Børge Brundtland

Eg har hatt ein del kontakt med alle noverande og tidlegare ordførarar i regionen. Og ein ting har dei til felles, uavhengig av parti. Dei kjempar for det beste for alle sin innbyggarar! Kvar einaste dag. Det har eg også stor tru på at ein ordførar og andre politikarar vil gjere i ein ny kommunestruktur. Dei vil byggje ein ny kommune som må løyse dei utfordringane som finst. Kanskje Fedje får seinare kveldsferje som eit ledd i å samla regionen, trykket for ei Masfjordbru blir sterkare når storkommunen roper og bru mellom Radøy og Meland som skal binde saman ein storkommune. Bruke ressursane betre samla sett. Då får ein kanskje både symje- og badeanlegg, kulturhus og andre tilbod som kvar kommune i dag slit med å etablera.

Lokaldemokratiet er og vil bli viktig uansett kommunestruktur. Då har både innbyggarar og politikarar eit stor ansvar for å få det til å fungera best mogeleg. Mange motstandarar mot ny kommunestruktur frykter ei svekking av lokaldemokratiet med å vise til reduksjon i antal representantar i eit kommunestyre, at utkantane ikkje vert representerte osv. For meg handlar ikkje demokrati om innbyggerantal, avstandar og andre «tekniske» forhold.

For meg handlar det om å velje dei politikarane som eg trur får til noko for heile kommunen uansett storleik. Eg vil i alle fall styre unna dei som no i prosessen ikkje har tru på at det er mogeleg å oppnå eit betre lokaldemokrati med ny kommunestruktur. For lokaldemokratiet kan det også vera ein fordel at ikkje det er ein nabo som skal behandla ei kommunal sak verken i administrasjonen eller som politikar. Det er ikkje alle innbyggarar som er nøgd med at det er tette band til desse forvaltarane, særleg i sensitive saker.

Eg har allereie gått kraftig lei av dei einsidige innlegga spesielt frå einskilde politikarar som ikkje kan kome fram med eit einaste positivt moment for ny kommunestruktur.

Børge Brundtland

Til slutt kan ein heilt sikkert drøfta om det er såkalla utkantar i regionen. Relativt sett er det det, men samanlikna med andre regionar og fylker i landet trur eg at vi er særs godt vand i vår region. Innan 1,5 timar køyring vil ein vera i regionsenteret uansett kor ein bur i regionen. Ein har ein storby som næraste nabo med flyplass, jernbane og dagleg ferjetilbod ut i verda. Her trur eg mange misunner oss. Då må vi ikkje argumentera som vi held til på verdas ende.

Eg har ikkje løysingar på alle utfordringar ein ny kommunestruktur vil gje. Dette er nokre tankar om mogelegheiter. Eg er sterk i trua om at dette får ein til med stor suksess om ein verkeleg vil. Eg har allereie gått kraftig lei av dei einsidige innlegga spesielt frå einskilde politikarar som ikkje kan kome fram med eit einaste positivt moment for ny kommunestruktur. Når dei ikkje evnar å sjå noko positivt, då har dei mista mi tillit og tiltru. Eg ønsker å satse på dei positive kreftene for å skape noko nytt! Framtidas Nordhordland.

Børge Brundtland

Alversund

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags