Her må «heile» kyrkja ta foto

Det var mange som ville fotografere dei sju dåpsbarna i Frøyset kyrkje søndag. Foto: Kolbjørn Reksnes.

Det var mange som ville fotografere dei sju dåpsbarna i Frøyset kyrkje søndag. Foto: Kolbjørn Reksnes.

Artikkelen er over 4 år gammel

Sju born til dåpen i Frøyset kyrkje i Masfjorden søndag. Det skal kun ha skjedd ein gong før sidan 1937.

DEL

– Eg opplevde det som ein stor festdag. På førehand var vi opptatt av å pynte kyrkja med flagg og blomar. Det er riktig nok fest kvar gong vi har dåp, men det blir jo noko ekstra når så mange skal døypast, seier Jens Linde, som sto for den høgtidlege seremonien.

Ifølgje sonkrepresten var det ein historisk dag for kyrkja i Masfjorden. Kun ein gong sidan kyrkja vart bygd i 1937 har talet på døypte vore høgare i ei og same gudsteneste.

– Då kyrkja blei bygd vart det også døypt sju born. Søndag fekk eg vite at det i 1987 faktisk var åtte born som blei bårne til dåpen, så med 30 års mellomrom blir det fødd nokre store kull her, seier Linde.

Comeback-prest

Men tru ikkje at presten tok seg vatn over hovudet søndag. Sju born tok den rutinerte presten lett hand om.  

– Nei, veit du? Då eg var prest i Høyland sokn i Sandnes, så blei det født så mykje born i området at vi hadde dåpsgudsteneste ein gong i månaden med sju born. Så dette har eg gjort mange gonger, fortel Linde.

Dansken var prest i Gulen i ni år, i perioden 2003 til 2012. No er han tilbake som sokneprest i både Gulen og Masfjorden etter ein kortare periode i Rogaland.

– Gudstenesta i Frøyset søndag var mi første som prest i den kyrkja, fortel Linde.

Soknepresten fortel at samtlege dåpsborn kjem frå familiar som er busett på strekninga Duseund-Eidsbotn i Masfjorden.

– Det er fleire unge familiar som flyttar heim og buset seg i Hosteland-området. Alle sju familiane som var til dåp søndag bur på den stripa. Det fortel kanskje litt om utviklinga, seier presten.

Presten song barnesongar

Sygni Molland er mor til eit av dåpsbarna. Ho sende vesle Ulrik Eikemo til dåpen.

– Vi treng masse ungar her i bygda, så dette er bra, seier Molland til Avisa Nordhordland. 

Ho seier det var ein stor dag søndag. At heile sju born skulle til døypefonten var heilt uproblematisk.

– Det gjell heilt fint eigentleg, seier Molland, som også er tante til eit av dei andre dåpsbarna.

Molland roser presten etter den spesielle dåpsgudstenesta.

– Kyrkja var full, og det var ei kjekk stund. Presten var veldig flink. Han song barnesongar og skapte ei veldig bra stemning, fortel ho. 

Den nybakte Masfjorden-mora utelukkar ikkje at ho sjølv kjem til å bidra til fleire dåpsbarn i Masfjorden.

– Det blir nok fleire, det vil eg tru!   

Desse vart døypte søndag:

Ulrik Eikemo

Marion Molland Birkeland

Tarjei Eide

Isac Molland Unnesdal

Vegard Birkeland

Adele Ostra-Kvamsdal

Martine Aasen Børnes

Artikkeltags