Zia kom einsleg til Lindås. No har han stifta familie og er i full jobb.

For seks år sidan kom Zia Khani (21) einsleg til eit bukollektiv i Lindås som flyktning. No har han stifta familie, busett seg på Flatøy og er i full jobb.
Av
Publisert

– Kvar dag etter skulen måtte vi gjera lekser. Eg hugsar framleis spisebordet ved bukollektivet der vi sat og pugga norske gloser. På mange måtar var dei som jobba der foreldrene mine, og eg er framleis veldig glade i dei. Dei tok meg med på karate og følgde meg frå butikk til butikk til eg til slutt hadde fått meg deltidsjobb, seier Zia Khani (21).

Han vitjar framleis dei tilsette ved bukollektivet i Isdalstø der han på mange måtar starta sitt nye liv etter å ha flykta frå Afghanistan og Taliban som 15-åring. Sjølv om det er seks år sidan, blir han framleis skremd av å tenka på dei høge bølgene som slo mot den vesle gummibåten på veg frå Tyrkia til Hellas.

Ein franskmann som Zia traff under flukta, gjorde at han valde å koma til Noreg.

– Han sa at dersom eg villa ta utdanning og få eit godt liv, var det Noreg eg måtte reisa til. Det einaste eg visste om Noreg den gongen, var at det var eit land med seks månader dag og seks månader natt, seier Zia og ler.

– Vanskelege dagar

Zia blei plassert på eit mottak i nærleiken av Gjøvik. Her måtte ungdommen venta i halvtanna år før han endeleg fekk plass på eit bukollektiv for mindreårige i Lindås kommune.

– Mange dagar var vanskelege. Eg sat på rommet mitt og sturte, men dei vaksne som jobba der drog oss opp og ut. Dei ga oss tryggleik og håp om ei framtid, samtidig som dei klarte å integrera oss inn i det norske samfunnet på ein god måte, seier han

Zia kom på nyåret og gjekk rett inn i tiande klasse på ungdomsskulen. Sidan han i matematikk og naturfag ikkje oppfyllte vilkåra til vidaregåande skule, måtte han ta eit grunnkurs på eit år før han fekk innpass på Knarvik vidaregåande skule. Der gjekk han i fire år og la grunnlaget for at han seinare kunne utdanna seg til industrimontør.

Eit viktig spørsmål i integreringsdebatten er om flyktningar skal få norskopplæring for seg sjølve eller gå rett inn i norsk skule. Zia veit kva han meiner er best.

– Eg synes det er best for mindreårige som kjem til Noreg å begynna på skule med ein gong, sjølv om det i starten er vanskeleg både for oss og lærarane. Men det er like greit å begynne i skule som på eit felles grunnkurs. Eg lærte mykje betre i tiande klasse enn det eine året på grunnkurs.

– På eit grunnkurs snakkar du berre språket ein til to timar om dagen. Det er ikkje godt nok. Når du er saman med andre ungdommar på vidaregåande skule, så lærer ein fortare, meiner han.

Masa seg til Shell-jobb

Zia gjorde også ein stor innsats sjølv for å koma raskt inn i det norske samfunnet.

– Då eg kom gjekk eg rundt frå butikk til butikk i Knarvik og spurte etter jobb. Det hjalp veldig. Då blir du kjent med folk og forstår korleis dagleglivet og arbeidslivet fungerer. I mitt heimland går folk til og frå jobben som dei vil. Her i Noreg begynner ein klokka 08 og går klokka 16.

Jobbjakta ga som kjent resultat.

– Folk var litt skeptisk i starten når eg spurte, for då kunne eg ikkje så mykje norsk. Ein sjef var så lei at eg fekk til slutt fekk jobb, smiler Zia, som då fekk deltidsjobb på Shell i Knarvik.

No har Zia stifta sin eigen vesle familie på Flatøy saman med sambuar Ronja Dreier og vesle Leo på fire månader. Han snakkar flytande norsk, er ferdig utdanna industrimontør og er i full jobb i eit rekrutteringsbyrå.

Zia Khani saman med Leo (fire månader) og sambuaren Ronja Dreier. Familien har busett seg på Flatøy i Meland. Foto: Arne Ristesund, BA

Zia Khani saman med Leo (fire månader) og sambuaren Ronja Dreier. Familien har busett seg på Flatøy i Meland. Foto: Arne Ristesund, BA

Lindås mot straumen

Lindås kommune er ein av få kommunar i Hordaland som har sagt ja til å ta i mot unge flyktningar som Zia. Hittil i år har rundt 500 barn under 15 år kome åleine til landet for å søka asyl. UDI reknar med rundt 1000 før året er omme.

I Hordaland er det Fylkesmannen som har ansvaret med å finna busettingskommunar til asyl-søkarar. I mars spurte dei ti kommunar om dei kunne busetta einslege mindreårige. Berre fire av dei svarte ja; Bergen, Fjell, Askøy og Bømlo. Lindås og Voss har allereie busett fleire unge asylsøkarar, men sa nei til å busetta fleire.

– Hovudårsaka til at kommunane seier nei er usikkerheit rundt finansiering, seier seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen, Marianne Svege.

– Tidlegare fekk kommunane refundert hundre prosent av barnevernsutgiftene for einslege mindreårige asylsøkarar. I 2014 blei dette redusert til 80 prosent. Eit reknestykke som Lindås kommune har laga, viser at dei må betala ein eigenandel på litt over ein halv million for å busetta fem einslege barn.

– Spesielt små kommunar som Hordaland har mange av, vegrar seg på grunn av usikkerheit rundt finansieringa, seier Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS.

Regjeringa har auka det særskilde tilskotet til einslege mindreårige, slik at dei reelt sett får dekka 90 prosent. Likevel vegrar kommunane seg. I mens sit over 413 einslege mindreårige på mottak og ventar på å bli busette i ein kommune.

– Talet på einslege mindreårige har auka voldsomt dei siste månadene og talet vil auka framover. Den siste tida har det kome mellom 40 og 50 nye einslege asylsøkarar til Noreg i veka, seier Øistein Søvik, regiondirektør i Bufetat region vest.

– Har ikkje noko anna val

Det er Bufetat (Barne, ungdoms- og familieetaten) som skal gje einslege mindreårige under 15 år eit tilbud om å bu på eit omsorgssenter medan asylsøknaden er til handsaming. Etaten har også ansvaret for å busetta dei yngste som får opphald i ein kommune.

– Det er heile tida behov for plassar, men svært få vil busetta dei yngste. Konsekvensen av det er at barna ikkje får starta livet sitt i Noreg. Mange barn må venta lenge på mottak. Det er spesielt uheldig for denne sårbare gruppa, forklarer Søvik.

– Eg synes det er skuffande at så få kommunar vil ta i mot unge asylsøkarar som kjem åleine til Noreg. Borna som kjem hit har opplevd mykje vondt. Dei rømmer frå landet sitt fordi dei ikkje har noko anna val. Å sitja månadsvis på eit mottak er psykisk vanskeleg, spesielt for eit barn. Det beste er å koma for ut til eit bufellesskap eller hjå fosterforeldre. Først då kan det nye livet byrja, seier Zia Khani.

I desse dagar vil Nasjonalt utvalg for busetting avgjere kor mange flyktningar kommunane må busette neste år. Fylkesmannen vil deretter senda ut ny oppmoding.

Dette er ein ny versjon av BA si sak 30. oktober. NH har intervjua Zia Khani i etterkant og gjort enkelte redigeringar i saka.

Artikkeltags