Laila Gangstad i Kleivdalhuset: Maleriutstilling med livet som inspirasjon

TRANG TIL Å SKAPA: Laila Gangstad opnar maleriutstillinga «Månesteinen» i Kleivdalhuset fredag 23.august. Ho har alltid hatt ein trang og lengsel til å skapa, med inspirasjon frå livet. Laurdag kan du oppeva intimkonsert med Rune Alver med vakre bilder som ramme.

TRANG TIL Å SKAPA: Laila Gangstad opnar maleriutstillinga «Månesteinen» i Kleivdalhuset fredag 23.august. Ho har alltid hatt ein trang og lengsel til å skapa, med inspirasjon frå livet. Laurdag kan du oppeva intimkonsert med Rune Alver med vakre bilder som ramme. Foto:

Det blir meir kunst og musikk i Kleivdalhuset i Kvamsvågen når seperatutstillinga til den lokale kunstnaren Laila Gangstad blir opna førstkomande fredag kveld, og vår eminente pianist Rune Alver på laurdag kveld presenterer klassiske tonar med dei vakre maleria som ramme.

DEL

Laila Gangstad har kalla maleriutstillinga si for «Månesteinen». Dette er hennar første seperatutstilling i Nordhordland, men ho har tidlegare hatt seperatutstilling i Bergen og delteke på fleire utstillingar i Nordhordland saman med andre kunstnarar – mellom anna i regi av Nordhordland kunstlag, der Gangstad er medlem.

Laila Gangstad er frå Midsund i Møre og Romsdal, og ho gjorde nordhordlending av seg i 1993.

– Ho har delteke på fleire kurs i inn- og utland, men framstår som sjølvlærd i stil og fargar, seier Helge Haugland, som igjen opnar dørene sine i Kleivdalshuset for kunst og kultur.

Inspirasjon frå livet

Gangstad har også hatt fleire utstillingar med foto, som også er ei stor interesse hjå henne. Ho begynte så smått å mala i 1996, og har alltid hatt ein trang og lengsel til å skapa, med inspirasjon frå livet.

– Det kan gjerne starta med ein tanke og ein illusjon, og så veks bildet fram litt av seg sjølv, seier Gangstad.

Ho tar i bruk heile fargespekteret når ho maler. Kunstnaren håpar at stemningane og følelsane i bilda kan gje samklang hjå dei som ser.

Ordføraren opnar utstillinga

Maleriutstillinga i Kleivdalshuset blir opna av ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Det blir også klavermusikk av kulturskule-elev Ola B. Hølleland.Laurdag blir det intim klaverkonsert med Rune Alver i Kleivdalhuset, med enkel servering og sosialt samvær etter konserten, med Laila Gangstad sine bilder i sentrum.

Utstillinga «Månesteinen» er open også laurdag og søndag. Dette er ei salsutstilling, der dei fleste bilda er for sal.

Artikkeltags