«Stand up»-komikar Vidar Hodnekvam kom heim for nynorsken: Avslørte mange turar til rektor og forhold som tok slutt med tøff beskjed!

– Denne skulen er så flott at eg må tenkja på om eg skal flytta heim att, sa stand up-komikar Vidar Hodnekvam då han var i aksjon på nye Knarvik barneskule på feiringa av at det er 111 år sidan nynorsken vart innført i dåverande Isdal/Gjervik skulekrins. Nynorsken står framleis sterkt i Knarvik-området.