Knarvik-lag var stjerner i Ål cup

JENTER 13: Gjekk til topps i Ål cup.

JENTER 13: Gjekk til topps i Ål cup. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Knarvik-handballen imponerte i Ål cup. I 13 års klassen gjekk både jente- og gutelaget heilt til topps i turneringa. Klubben stilte med fem lag, og dei markerte seg svært bra.

J13-laget vann 7-2 mot Graabein i finalen, etter å ha gått gjennom puljespelet utan poengtap. Susanne Pettersen vart kåra til banas beste.

Gutar 13 vann 14-4 over Sogndal i finalen, også gutane gjekk gjennom puljespelet utan poengtap. Sigurd Elias Torpe vart kåra til banas beste.

J15 kom på 4. plass i ein tøff og tett pulje. IL Høyang vann denne klassen

Jenter 16 kom på 2. plass etter eit 8-11 tap for Tune IL. Knarvik-jentene vann gruppespelet, men måtte altså sjå seg slått i ein spennande finale.

Sju av 16 spelarane på «All star»-laget kom frå Knarvik. Laget var sett saman av jenter og gutar frå 15 år og eldre, plukka ut av ein jury. Laget spelte ein showkamp laurdag kveld.

Knarvik har også svært så hardtskytande spelarar. Torstein H. Sleire (2002-årgang) fekk registrert det hardaste skotet i turneringa, 86 km/t.

– Dette var stor sportsleg turnering for Knarvik, seier Stig Hammer, leiar i handballgruppa. Klubben hadde med seg 47 aktive og seks leiarar til Ål.

Artikkeltags