– Vi må forventa at arbeidsløysa stig

Artikkelen er over 4 år gammel

Arbeidsløysa i Nordhordland steig med åtte personar frå september til oktober.

DEL

Fredag kom heilt ferske tal frå NAV Hordaland om arbeidsløysa i fylket. I oktober var var 2,9 prosent av arbeidsstyrken arbeidslause, noko som utgjer 8039 personar. Det er ein auke på heile 1743 personar frå same periode i fjor.

Ser vi på den siste månaden auka den sesongjusterte arbeidsløysa med 400 personar berre i oktober. Dette er ei klar auke frå ledigheita i førre månad, og utviklinga er i tråd med prognosane til Nav. Etaten forventar at arbeidsløysa held fram ut året og godt inn i 2016.

Ut i frå dei siste tala til Nav er nøyaktig 600 personar heilt utan arbeid i Nordhordland-kommunane Meland, Radøy, Lindås, Austrheim, Fedje og Masfjorden. Det er åtte fleire enn i september og for vår del ikkje dramatisk.

Men som vi har vore inne på før må vi forventa at dette talet stig meir markant også i Nordhordland. Vi har fått fleire kjedelege meldingar frå lokalt næringsliv den siste tida. Berre den siste veka har vi meldt om WellConnection Mongstad som må seia opp 15 og CCB Mongstadbase som seier opp og permitterer heile 40 tilsette.

Det er viktigare enn nokon gong å gje næringslivet enkle og gode arbeidsvilkår.

Trond Roger Nydal, redaktør Avisa Nordhordland.

Det er naturlegvis også skilnader internt i regionen. Det er i dei større kommunane arbeidsløysa stig, og då spesielt i Radøy og Lindås som har fått omsynsvis ti og åtte fleire ledige den siste månaden.

Nav jobbar no på spreng med å omplassera og skulera dei som vert ledige. Samtidig kjempar næringslivet hardt for å unngå å gå til oppseiingar. Ei av verksemdene som vegrar seg for å gå til oppseiingar er Meland-bedrifta Fours AS. Trass i oljenedturen ønskjer dagleg leiar Bjarte Fosse å ta vare på den arbeidsstokken han har. «Nedbemanningar er ikkje eit tema. Me vil bevara dei arbeidsplassane me har no», seier han til Avisa Nordhordland.

Det er oljenæringa som er hovudårsaka til nedgangstidene vi er inne i, og i den samanheng har Fours-leiaren eit interessant poeng som må vera eit varsko for regjeringa til Erna Solberg. For medan ein for ti år sidan rekna 2000 ingeniørtimar på eit konkret prosjekt, krev eit tilsvarande prosjekt no 20 000 timar. Ifølge Fosse skuldast dette enorme dokumentasjonskrav i oljebransjen. Ei av fanesakene til dagens regjering var forenkling og mindre byråkrati. Vi skal ikkje slå fast at dagens regjering har skulda for dette, men det viser i alle fall at det er viktigare enn nokon gong å gje næringslivet enkle og gode arbeidsvilkår. Med mindre vi skal satsa på byråkrati og dokumentasjon som næringsveg i åra som kjem...

Artikkeltags