Over 15 arbeidsgjevarar skal visa seg fram

Artikkelen er over 4 år gammel

Jobbmesse i Gulen tirsdag kveld. Over 15 arbeidsgjevarar viser seg fram.

DEL

Blant dei er kommunen sjølv og ordførar Hallvard Oppedal.

– Vi er ein av eigarane i næringsselskapet GMU (Gulen og Masfjorden Utvikling) og vil vera tilstades med stand. Vi vil vise kva ledige jobbar vi har i Gulen kommune, seier Oppedal til Avisa Nordhordland.

Alle detaljar om Gulen og Masfjorden Utvikling AS på regnskapstall.no.

Ja, har de nokon ledige jobbar i Gulen for tida?

– Ja, det reknar eg jo med! Dei som melder seg på frå næringslivet ønsker å profilera seg både overfor dei som er arbeidsledige og potensielle søkarar i framtida. Dette spenner litt vidt, seier ordføraren.

Han viser til at det for tida finst ledige jobbar som lærar, sjukepleiar og ingeniør i kommunen.

LES OGSÅ: Så mange er heilt utan arbeid i Nordhordland 

Stigande arbeidsløyse

Ordføraren fortel at invitasjonen til jobbmessa i Vidsyn også har gått ut til skuleelevar som står på terskelen til vaksenlivet.

– Vi trur denne messa kan vera interessant for 10. klassingane som er avgangselevar på ungdomsskule og er i ferd med å gjera eit yrkesval, forklarer Oppedal.

Ifølgje Nav Sogn og Fjordane hadde Gulen ved utgangen av oktober 22 personar heilt utan arbeid. Dette er sju fleire enn for ein månad sidan.

– Arbeidsledigheita hjå oss er så låg den kan bli, hevdar ordføraren utan at han er heilt oppdatert på dei ferskaste tala. 

Blir denne messa arrangert på grunn av den aukande arbeidsløysa vi er vitne til?

– Det kan hende vi hadde gjort dette uansett. No får vi sjå korleis det blir. Vi har tidlegare jobba mykje mot ungdom for å få dei til å flytta tilbake. No er det viktig å få fram kva jobbar og moglegheiter som finst for dei som vil satsa, svarar Oppedal.

– Her er jo mange bedrifter og kommunen treng også kompetente arbeidsfolk. Vi er den største arbeidsgjevaren i Gulen, og i tillegg har vi alle bedriftene som er etablert sør i kommunen. Dei har mykje større behov for utdanna folk enn dei har trudd, faktisk, rapporterer Oppedal.

LES OGSÅ: Vi må forventa at arbeidsløysa stig  

Har satt opp gratisbuss

Det er sett opp buss frå Knarvik skysstasjon. Her er det berre å kasta seg på etter først til mølla-prinsippet. 

Forventar de mykje folk i morgon?

– Ja, eg håper jo det. Ein veit jo aldri korleis eit slikt arrangemnet slår ut. Samlinga for ungdom som eg refererte til var veldig godt besøkt. Vi håper det kjem ein del.

I invitasjonen blir folk oppfordra til å ta med oppdatert CV og gjerne ein open søknad som kan delast ut til aktuelle arbeidsgjevarar.

Ifølge invitasjonen vil mellom anna desse arbeidsgjevarane vera tilstades:

Østerbø Maskin, HAFS Elektro og Rør, Mjømen og Berge Byggeverksemd, Top Temp bemanning, Wergelandgruppa, Gulen kommune, Masfjorden kommune, Multi Offshore, Johny Birkeland Transport, Bunnpris, Havforskningsinstituttet, NAV, Entreprenør Ansgar Birkeland, GMU og NAGELLd.

Artikkeltags