Svein Magne-Tunli frå Nesttun var på dagstur til Fedje søndag og fanga dette flotte motivet som han har sendt inn til oss.

– Det har blese kraftig på Fedje dei siste dagane, og eg såg på vervarselet i kveld at det er meldt stiv kuling igjen i morgon. Synes difor tittelen «stille før stormen» passar til dette bildet, skriv Tunli.

Avisa Nordhordland takkar for den flotte stemningsrapporten.

Ifølge yr.no vil det blåse stiv kuling på Fedje heilt til vinden løyar av i 18-tida i dag.

Har du bilder du ønskjer å dela med lesarane til Avisa Nordhordland kan du laste dei opp gjennom Instagram og bruke emneknaggen #avisanh.

Sjå andre lesarbilder her.

Du kan også sende bilde som vedlegg til [email protected]. Ønskjer du å tipsa oss om nyheiter, reportasjar eller personar vi bør intervjua sender du epost til same adresse.