Beredskapen i Alver kommune: «Det er for seint å snyta seg når naso er vekke»

Ture Andersen er rasande på Meland kommune, som han meiner har tatt seg til rette på eigedommen hans på Holme og øydelagd gamle grøfter.

Ture Andersen er rasande på Meland kommune, som han meiner har tatt seg til rette på eigedommen hans på Holme og øydelagd gamle grøfter. Foto:

Av
DEL

MeiningarNo vil eg tillata meg å føra tankane dine inn i følgjande situasjon: Det er vinter med snøføre og gradestokken syner minus 5 grader. Brått går den elektriske straumen i heile Alver kommune og andre stader samstundes. Det syner seg at ingen her får att straumen før etter 14 dagar. Kva ville då henda oss som er busette i denne nye stor-kommunen?

Me har litt røynsle frå slikt her i distriktet - men då var straumen vekke i berre kring to døgn somme stader. I Meland vart telefonsamband vekke etter nokre få timar: Det syner seg at mobilsendarane berre har batterikapasitet til nokre få timars drift. Kva med dei som må ringja etter sjukebil elller brannvesenet i ein slik situasjon?

På sjukeheimen i Meland var dei utan både lys og varme. Då måtte kommunen senda ut folk i bil ( ordonnansar ) for å tilkalla kommunetilsette. Heldigvis fekk Meland låna nokre aggregat hjå brannvesenet i Knarvik - slik at bebuarane på sjukeheimen ikkje skulle frysa og vera i mørke. Seinare har Meland kommune kjøpt inn eit kraftig aggregat til kring 3 millionar kroner til sjukeheimen på Frekhaug. Men problemet med samband når fasttelefon og mobil er ute av drift er ikkje løyst - så langt eg veit.

Løysinga på dette sambandsproblemet er satelitt-telefon som anten kan kjøpast eller leigast. Det var litlejulaftan dette straumbrótet fann stad og butikkane i Knarvik måtte stengja heile dagen grunna betalingskort som ikkje kunne nyttast - og det var mørkt i lokala. Ein matvarebutikk måtte kasta uhorveleg mykje mat grunna manglande kjøling av varene .Kva vil skje her om straumen vert vekke i 14 dager?

Om du har lytta til Politiets Sikkerhetsteneste så advarer dei oss mot nettopp det som er skrive ovanfor. Det kan vera mange grunnar til at straumen vert vekke. Me veit at det sit nettroll i eit land lenger aust for oss som er data-ekspertar. Dei er i stand til å stengja av både vatn og straum. Eller det kan vera orkan som fører til at tre fell over kraftlinene avdi trefall riv ned leidningane (Sørlandet har fått røyna dette ved fleire høve ). Eller store utbrót på sola kan føra til at straumen vert vekke i fleire månader - har forskarar i USA funne ut. Til sist vil eg nemna at krig og krise også kan føra til at straumen vert vekke.

Sist haust gjekk norske styresmakter ut med ei brosjyre til alle husstandar i landet. Her fortalde dei korleis den einskilde familie skulle byggja opp eigen beredskap i tilfelle krig eller anna krise. Det er alltid lurt å ha litt kontantar i bakhand og tyske styresmakter bad innbyggjarane sine ha 10.000 kroner - i tilfelle straumbrót.

Til slutt tilbake til Alver kommune og den situasjonen som er skissert i starten av dette innlegget. Tenk på dei eldre som er på ulike institusjonar. Har alle desse lys og varme desse 14 dagane vinterstid ? Kva med vassforsyninga når straumen er borte? Kva med dei husstandane som berre har elektrisk oppvarming? Kva om vatnet sprengjer røyra grunna frost og ingen varmekjelder kan skaffast?

Kvar einskild av dei tre kommunane som vert Alver kommune har nok beredskapsplanar. Men er desse planane gode nok? Kor mykje diesel er lagra til dei innkjøpte kommunale aggregata? Hugs at utan straum får ikkje bensinstasjonane levert drivstoff. Både rådmann og den einskilde etatsleiar bør verta gjort ansvarleg for detaljert planlegging og førebuing innan sin sektor. Vil det bli kjøpt inn satelittelefonar som skal plasserast ute i alle dei tre tidlegare kommunane. Dei gamle strilane hadde eit fyndord som var slik: «Det er for seint å snyta seg når naso er vekke.»

Artikkeltags