«Hadde me kome mot mål som ei gruppe, hadde eg berre snudd og reist heim»

Nordhordland rundt på sykkel 2016. Arvid Johannesen

Nordhordland rundt på sykkel 2016. Arvid Johannesen Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Årets vinnar av Nordhordland rundt hadde planen klar på førehand.

DEL

For fyrste gong i historia er det ein lokal ryttar som stod på toppen etter Nordhordland rundt på sykkel.

Veteranen Arvid Johannesen (47) gjekk til topps og ikkje nok med det, han sette ny løyperekord.

2.10,46 er den nye rekorden. Det er nesten eit minutt betre enn den førre løyperekorden.

LES OGSÅ: Tore André (18) frå Lindås vil verta sykkelproff

Tok flate for flate

Store deler av rittet sykla han åleine. For ein plass mellom Austrheim og Lindås stakk han frå feltet.

– Det var veldig lenge og tungt å sykla åleine i motvinden innover, men eg fann ut at det var planen om eg skulle lukkast, seier han til avisa Nordhordland.

Han seier han gjekk «all inn».

– Eg tok flate for flate. Tek dei meg att, køyrer eg heim, seier han.

Men det skjedde aldri. Feltet klarte ikkje å ta han att. Den einaste som gjorde det var kvinnheringen Ørjan Vika som syklar for Fana sykkelklubb. Dei valde å kompiskøyra for å halda oppe farten mot slutten, og køyrde i lag over mål.

Nordhordland rundt på sykkel 2016. Richard Fyhn

Nordhordland rundt på sykkel 2016. Richard Fyhn Foto:

Før rittet hadde Johannesen ein plan. Det var å legga alt og alle bak seg.

– I Nordhordland rundt kjem nesten alle alltid samla inn. Det hadde eg bestemt meg for i år at det skulle ikkje skje. Eg bestemte meg på førehand for å tømma meg heilt, og kjem me i lag inn, går eg berre heim, seier han.

– Kvifor det?

– For elles er me nokon som ligg der framme og dreg, medan dei andre ligg bak og sparar seg. Og så køyrer dei forbi oss opp den siste bakken, for dei har spart seg, seier han.

Johannesen er enno ikkje i toppform. Den skal finsiktas inn mot NM i byrjinga av juli. Då skal han forsvara NM-tittelen i tempo, samt prøva å gå for gull på landeveg.

LES OGSÅ: «Derby della Radøy» – Den unødvendige fotballkampen

VM i Australia

– Forma er jamt og trutt på veg oppover. Men eg skal trena mykje ut mai, for så å byrja å sleppa opp, seier han.

Sykling var ikkje noko han byrja med før i godt vaksen alder. Det byrja med Bergen – Voss og eit veddemål i 2010. Då skulle han få ei flaska konjakk om han slo kompisen. Det gjorde han med over ein og ein halv time. Då var det i gang. Men det var først for fire år sidan han verkeleg byrja å satsa. I år har han fått ny trenar som har tatt han enno lenger.

– Irriterer det deg at du ikkje byrja å satsa skikkeleg for 20 år sidan?

– Nei. Eg har tenkt på det mange gonger, men då hadde eg komme rett inn i Lance Armstrong-generasjonen. Då hadde eg sikkert stått med buksa nede og vore ein fuskar. Det gjorde jo alle på den tida. Så eg er veldig glad eg ikkje gjorde det, då hadde eg sikkert stått som verdas største juksemakar i dag, seier han.

Det betyr ikkje at han ikkje har ambisjonar den dag i dag, i ein alder av 47. Eit VM i Australia lokkar. Men ikkje for ein kvar pris.

– Reiser eg dit, er det for eg er suveren i NM. Er eg ikkje det, reiser eg ikkje til VM. Så enkelt er det. Då har eg ikkje noko der å gjera, seier han sjølvkritisk.

LES OGSÅ: På camp med ei verdsstjerne

Få startande

Årets utgåve av Nordhordland rundt samla 433 deltakarar til startstreken. Det er ein solid nedgang frå dei rundt 600 som starta i fjor. Toppåret hadde over 800 startande.

– Sykkelsporten er nedadgåande for tida. Men hadde det vore ein solskinsdag, hadde me kanskje bikka 500 me og, seier rittleiar Janicke Moldekleiv.

Nordhordland rundt på sykkel 2016. Ørjan Vika

Nordhordland rundt på sykkel 2016. Ørjan Vika Foto:

Ho har rundt 70 frivillige i aksjon for at det skal gå an å arrangera rittet. MC-førarane får mykje skryt av han som vann saman med Johannesen, Vika.

– Eg synst dette er eit av dei kjekkaste turritta. Særleg bakken på slutten skil ut løparane, det er kjekt, seier han.

– Motorsyklane har og god kontroll på trafikken som kjem, så du føler deg aldri i fare, meiner han.

Det var fleire småuhell under rittet, men så langt me veit, var det ingen alvorlege skader.

LES OGSÅ: Solskin og nye rekordar under TINE-stafetten

Artikkeltags