Nordhordland rundt stenger fleire vegar i helga

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Søndag 27. mai går årets Nordhordland rundt på sykkel. Løypa går frå Alversund, over Radøy på Sletta-sida, Austrheim, Lindås, gamlevegen om Fjellangersvingane, vidare til Seim, Vollom, over Skaret og til mål på Tveiten i Alversund.

Start i Alversund er klokka 10 på søndag og ein må forventa å treffa på store felt med syklistar til ulike tider.

Lundsdalen-Soltveit: 10.10-11.00

Fjellangersvingane: 11.15-13.00

Seim-Vollom-Tveiten: 11-45-15.00

Den første gruppa vil ha bil og motorsykkel med varsel i front. Store grupper vil ha følgemotorsykkel i front. Mindre grupper og enkelt-syklistar kan koma utan bil eller MC. Det vil vera vakter eller varselskilt i vegkryss.

Må nokon ut og kjøra, oppmodar arrangøren om at ein kjører i same retning som løpet går.

Artikkeltags