Baste Tveito er ny sjef i Nordhordland Næringslag

Baste Tveito er tilsett som ny sjef for Nordhordland næringslag.

Baste Tveito er tilsett som ny sjef for Nordhordland næringslag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Styret har tilsett gamal kjenning for å sikra god vidareutvikling.

DEL

Styret i Nordhordland Næringslag har tilsett Baste Tveito frå Meland som ny, dagleg leiar. Tveito kjem frå Mongstad tavletenikk, kor han har vore administrerande direktør sidan 2016.

Han er utdanna hjå Hærens befalskule, og har mellom anna hatt ulike direktørstillingar hjå Beerenberg Corp. as og Frank Mohn Flatøy as.

Tveito er godt kjend med regionen, då han tidlegare har vore styremedlem i næringslaget, og vore med i leiarnettverket «Tryggare styring».

53- åringen overtek rolla etter Svein M. Nordvik, som hausten 2017 varsla at han ville gå av etter mange år i sjefsstolen.

– Eg og styret er svært glade for at Baste tek over denne svært viktige jobben, seier styreleiar Richard Sulen.

Nordhordland Næringslags strategiplan for perioden 2017 – 2020 dannar grunnlaget for oppgåvene Tveito og styret no skal vidareutvikle og konkretisera.

Desse planane omfattar mellom anna den nye kommunestrukturen, regionale vegløysingar og kompetansesamarbeid. Tveito byrjar i Nordhordland Næringslag 1. april, og overtek som dagleg leiar 1. mai.

Artikkeltags