Nordhordland har Norges største stolpejakt

Stolpejakta i Alver kan bli den store slagaren for både innfødde og tilreisande denne sommaren. Mange tusen er alt godt i gang med jakta på til saman 65 stolpar, med god trim og flotte opplevingar på kjøpet. I tillegg er det premiar å vinna for dei heldigaste stolpejegrane.