Nordhordlandsmusikken slår opp dørene på vidt gap

Deltar: Songkoret Vågen er blant kora som deltar.

Deltar: Songkoret Vågen er blant kora som deltar.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Det kan bli temmeleg folksamt i festsalen på Nordhordland folkehøgskule når over 100 glade songarar set kvarandre stemne søndag 17. april om ettermiddagen. Initiativet frå Nordhordlandsmusikken om å arrangera ein korkafé er eit friskt og spennande tiltak som fortener fin oppslutning – ein riktig godbit for bygdefolk frå fjern og nær.

Vertskapet som har halde det gåande med øvingar og framføringar i 14 år vil prøva endå ein liten vri i sitt programarbeid, og då var det sjølvsagt ekstra hyggeleg å kunna invitera ulike kor til å bidra. Og positive og engasjerte tilbakemeldingar har det så visst ikkje mangla på.

Songkoret Vågen og «Måltrastene» er begge heimehøyrande i Meland kommune. Over fjorden syng og musiserer «Kor-miks». Dei kjem og gir til beste sine songar. Og Sund blandakor høyrer også til blant aktørane denne ettermiddagen.

Mellom songavdelingane blir det drivande fellessong – gladsongar om påske og vår git verkeleg forventning om stort volum og fleirstemmige improvisasjonar. Og det er jo nettopp her at bygdefolk sine songressursar set ein ekstra farge på det heile.

Arrangement av dette slaget brukar å ha god appell til mange grupper tilhøyrarar. Nordhordlandsmusikken sitt givar-prosjekt «Hjelp til Russland» blir det høve til å støtta denne dagen.

Artikkeltags