No stenger dei fleire tunnelar mot Bergen

Dette må du vite om du skal køyre til Bergen.

DEL

FIRDA: Grunna vedlikehaldsarbeid blir fleire tunnelar mot Bergen stengt denne veka, opplyser Statens Vegvesen.

Eikåstunnelen i Åsane blir stengt frå klokka 22.00 onsdag kveld til 05.30 torsdag morgon.

Hordviktunnelen like ved Nordhordlandsbrua har manuell dirigering frå klokka 02.00 natt til torsdag til klokka 03.00 same natt

Glaskartunnelen og Selviktunnelen mellom Bergen og Åsane blir stengt frå klokka 02.00 til 05.30 natt til torsdag

Fløyfjellstunnelen i Bergen blir stengt frå klokka 22 torsdag til klokka 01.30 etterfølgande natt

Eikåstunnelen blir igjen stengt frå klokka 23.00 til 00.00 torsdag kveld.

Eidsvågtunnelen mellom Bergen og Åsane blir stengt frå klokka 01.00 til 03.00 natt til fredag.


Artikkeltags