(BA): For visste du at nesten heile kjellaren i fylkesbygget ligg under vatn? Det gir entreprenøren ei uvanleg utfordring når dei fjernar bygget.
– Det einaste som kjem til å stå igjen, er botnplata og veggane i kjellaren. For å hindre at kjellaren flyt opp når vi tar vekk vekta frå bygget, må vi fundamentere kjellaren til fjell med strekkstag, forklarer prosjektdirektør i Lab Entreprenør, Lasse Smilden.
– Utruleg flott bygg
16. desember i fjor inngjekk selskapet kontrakt med fylkeskommunen om totalentreprisen på riving og bygging av nytt fylkesbygg i sentrum.
– Vi vann pris- og designkonkurransen i mai i fjor, og fram til avtalen vart signert i desember, har vi jobba tett med fylkeskommunen med eit forprosjekt, seier Smilden.
Det er bygget «Penrosetrappen» som skal byggast og stå ferdig i oktober 2022. Det er teikna av NSW arkitektur, HUS arkitekter og arkitektgruppa Cubus.
– Vi kjem til å få eit utruleg flott bygg. Vi har få mange gode tilbakemeldingar på teikningane, og det er mange som gler seg til det nye bygget står klart, seier Smilden.
Saka held fram under bildet.
Klipper betongen
Men før den tid skal det skje veldig mykje på den 2800 kvadratmeter store tomta mellom Vestre Strømkaien, Agnes Mowinkelsgate og Lars Hillesgate.
– Vi har allereie starta med saneringa innvendig i bygget. Frå måndag overtar vi heile bygningsmassen og vil jobbe med å strippe bygget ned til betongen, forklarer Smilden.
Det betyr at alt av dører, himlingar, elektronikk og lausøyre skal fjernast og sorterast.
– Når kan vi sjå endring utvendig?
– Vi kjem til å setje opp stillas og duk rundt høgblokka og starte med å plukke ned fasaden plate for plate og frakte dei ned. Så skal alt av isolasjon, taktekking og papp takast bort. Deretter må vi fjerne dei to øvste etasjane med å skjere betongen frå kvarandre og heise det ned i bitar, seier Smilden.
Resten av bygget skal demonterast ved hjelp av ei gigantisk maskin som klipper i stykker betongen.

Blakk fylkeskommune skal bygge nytt milliardbygg i sentrum

Skal riva heile fylkesbygget
Vil bruke betongen igjen
Dermed blir det ingen spektakulær riveprosess, men derimot ein fem månader lang operasjon fram mot august, då bygget etter planen skal vere heilt vekke.
Prosjektleiaren ventar no på analysesvar som avgjer om det er mogelg å bruke dei 21.000 tonna med betong frå fylkesbygget om igjen.
– Det handlar blant anna om verdiane av krom i betongen. Dersom vi får klarsignal til det, vil vi bruke betongen som fyllmasse i andre prosjekt. Det vil gi ein miljøgevinst, seier Lasse Smilden.
Saka held fram under faktaboksen.
Førebudd på kø i trafikken
Frå måndag kan ein ikkje lenger køyre gjennom Vestre Strømkaien i Bergen sentrum.
– Vi er førebudde på at det kan bli litt kø. Vi har utplassert vakter som vil forklare folk korleis dei skal kome seg dit dei skal, seier Smilden.
Frå måndag morgon må dei som skal til medielandsbyen og Bergen Maritime køyre inn frå Nygårdsgata og ned bak Statens vegvesen.
– Konsekvensane av stenginga er størst for bilistar til desse bygga. Det vil nok bli litt tregare trafikk i området før folk blir vane med nye køyremønsteret, seier prosjektleiaren.
Også næringslivet i Vestre Strømkaien blir påverka av at gjennomgangstrafikk av både gåande og køyrande forsvinn.
– Vi forventar noko nedgang i omsetninga, men sånn er det å drive næring i ein by i utvikling. Vi ser fram til at det nye fylkesbygget blir ferdig, seier regionsjef i Kiwi, Jan Olav Mjøs.
– Nokre huseigarar har vore frustrerte, men vi har god dialog, og forsøker å hjelpe med dei utfordringane som oppstår, seier Lasse Smilden.
Her blir hundrevis av tilsette ønskt velkommen i nye lokale