Arealet i enden av Galtenesvegen har vore brukt til parkering i lengre tid, men har ikkje vore regulert til det. I fjor sommar vart den stengd etter ønskje frå Frekhaugmarka velforeining.

Sidan har Bergen og omland friluftsråd (BOF), som driftar området saman med Alver kommune og velforeininga, søkt om å få etablera parkeringsplass der.

– Håpar ikkje dei opnar for parkering. Velforeininga vil helst ikkje det, for det var ein nesten uuthaldeleg situasjon, så vi ønskjer at dei skal finna andre løysingar, sa leiar av Frekhaugmarka velforeining, Mabel Johansen til avisa i fjor sommar.

Galtenesvegen går gjennom eit tettbygd strok med mange småbarnsfamiliar, og fleire i nabolaget opplevde råkøyring langs vegen før parkeringsplassen vart stengd.

– Må rekne med noko trafikk

Neste veke skal Utval for areal, plan og miljø i Alver ta stilling til saka, som i utgangspunktet er ein søknad om dispensasjon frå byggjegrense mot sjø. Rådmannen si innstilling er at BOF får dispensasjon, og kan etablera parkeringsplass der.

BOF har i søkndaden påpeika at friluftsområdet, der ein finn både strand, turstiar, frisbeegolfbane og meir, har hatt auke i talet besøkande dei siste åra.

Difor meiner dei at behovet for parkering nær området er stort, spesielt for personar med funksjonsnedsetting. Arealet er vurdert som det best eigna til parkeringsplass.

Tiltaket vil òg begrensa gatelangs parkering nær friluftsområdet, og difor sørgje for betre framkomst for uttrykkingskøyretøy, meiner dei.

I administrasjonen si vurdering av søknaden, får BOF støtte i behovet for ein parkeringsplass i området, og fordelen med å hindra gatelangs parkering. Det har dei òg vekta i vurderinga av nabomerknaden.

– Bebuarar i området må rekna med noko trafikk ettersom friområdet skal vera tilgjengeleg også for andre enn dei busett i nærleiken, skriv kommunen.

I ålmenta si interesse

Kommunen skriv at vilkåra for å gje dispensasjon er tilstades. Byggjeforbodet i strandsona skal sikra ålmenta sine interesser, blant anna når det gjeld friluftsinteresser.

Alver har vurdert at det ikkje er i ålmenta si interesse om det manglar parkering ved Haltejohansvika, når det kan gjere at fleire når fram til friluftsområdet, og meiner at fordelene er større enn ulempene.

Velforeininga har løfta moglegheita for å parkera ved industriområdet, og ha rein HC-parkering nærast området. Kommunen vurderar ikkje dette som gode løysingar.

HC-parkeringa ville framleis vore tilgjengeleg for alle, og kunna blitt nytta feil. Parkering lenger vekke ville vera dårleg for fleire brukarar kommunen meiner ein bør ta omsyn til.

Det er Utval for areal, plan og miljø som avgjer saka. Får BOF dispensasjon, slik rådmannen føreslår, skal vedtaket sendast til fleire avdelingar i Alver kommune, til Statsforvaltaren og Vestland fylkeskommune og til Frekhaugmarka velforeining for klagevurdering.