Gå til sidens hovedinnhold

No kan einslege kvinner få assistert befruktning

Artikkelen er over 1 år gammel

Eit stortingsfleirtal på 89 mot 80 representantar stemde for å tilby assistert befruktning til einslege.

Dette var punktet det knytte seg størst spenning til i pakken om endringar i bioteknologilova, etter at tre Framstegsparti-representantar varsla at dei her ville stemme med regjeringa.

KrF, med støtte frå Venstre, Høgre og Senterpartiet, har argumentert for at det inneber ein sårbar situasjon for barn som veks opp med berre éin forelder.

Men tilhengjarane har vist til at svært mange norske kvinner reiser til klinikkar i utlandet for å få assistert befruktning og at samfunnet har endra seg på dette området.

Eit fleirtal på Stortinget har også stemt for at eggdonasjon skal tillatast i Norge.

KrF har kjempa mot endringa, og fekk støtte av regjeringspartnarane Høgre og Venstre - sjølv om fleire av representantane i debatten gav uttrykk for at det er ei endring dei i realiteten støttar.

Argumentet om likestilling har vore viktig for tilhengjarane av forslaget om å opne opp for eggdonasjon.

Sæddonasjon har vore tillate i 90 år, medan Noreg hittil har hatt eit forbod mot å donere egg. Norge har vore i særstilling i Europa, sidan det er tillate i alle EU-land, med unntak av Tyskland.

Tidlegare i år gjekk òg Bioteknologirådet inn for at Norge bør tillate eggdonasjon på linje med sæddonasjon.

Ja til tidleg ultralyd

Vedtaket tysdag betyr at det blir tillate med eggdonasjon, assistert befruktning for einslege, tidleg ultralyd og blodprøven NIPT, som kan avsløre skadar og sjukdommar på foster tidleg i svangerskapet.

Det var i utgangspunktet Arbeidarpartiet, SV og Framstegspartiet som gjekk saman for å sikre fleirtal for endringane.

Dei tre partia har eit knapt fleirtal på 86 representantar – éi stemme meir enn fleirtalsgrensa i Stortinget.

Stortinget tok stilling til lovendringane i fullsett sal, med nyinstallert pleksiglas til 225.000 mellom stolane for å sikre smittevernet.

Det var KrF som insisterte på fullsett sal under avstemminga. KrF håpa i det lengste at utbrytarar frå Frp skulle bidra til å vippe fleirtalet. Men det skjedde ikkje.

Høie åtvara

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) åtvara spesielt mot NIPT-testen då han tok ordet på tampen av debatten.

– Dette er ein test, på lik linje med alle andre testar, som vil gi svar. Men det er òg ein test med ganske store utfordringar, og han vil òg gi mange falske positive svar, åtvara Høie.

– Det vil vere veldig mange gravide i Noreg som gjennom NIPT-testen vil få beskjed om at dei har eit foster som truleg har utviklingsavvik, der dette ikkje vil vere tilfelle, sa han.

Utbrytarar

Enkelte representantar frå regjeringspartia valde å bryte med linja til regjeringa, blant dei Venstres Ketil Kjenseth og Høgres Marianne Synnes Emblemsvåg. Kjenseth stemde for liberaliseringsforslaget til alle opposisjonen, med unntak av NIPT-test for alle.

Emblemsvåg sa ho stemde for eggdonasjon og assistert befruktning for einslege.

– Denne kamelen går det ikkje an å svelgje, sa ho.

Kommentarer til denne saken