– Me håpar mange vil nytta seg av sjansen til å lesa alle dei gode sakene våre frå Nordhordland og Gulen, heilt gratis, seier redaktør Sølve Rydland.

Lesarar som ynskjer gratis tilgang, vil verta bedt om å logga inn med løysinga aID. Dersom ein ikkje har brukar frå før, lyt ein oppretta det. Ein treng ikkje gje betalingsinformasjon, og det vert ikkje trekt pengar når tilgangen går ut i februar.

Har du fått med deg denne saka? No kan du lesa ho gratis:

Eksklusivt for abonnentar

Tilbodet er i samband med at Nordhordland på nytt har krav om at ein må vera ein innlogga abonnent for å få tilgang til ekslusivt innhald. Frå 28. desember og til torsdag 6. januar har alle plussaker vore tilgjengelege for alle. Det var ein konsekvens av at Amedia, som Nordhordland er ein del av, vart råka av eit dataåtak.

Då systema vart råka, vart alle plussartiklar opna for å sikra at alle abonnentar får tilgang til journalistikken ein har betalt for.

– No veit me at me er i stand til å gje abonnentene som har betalt trygg tilgang til journalistikken. Samstundes gjev me andre moglegheita til å lesa oss gratis ut januar, forklarar Rydland.

Ikkje alt på plass

Grunna dataåtaket er fleire systemer framleis råka. Amedia er eigar og tjenesteleverandør for mange lokalaviser i Noreg. Det får konsekvensar for eksisterande abonnenter. Per no er det ikkje mogleg å seia opp abonnementet sitt.

– Me har framleis ikkje tilgang til vårt abonnementssystem. Det vil seia at det ikkje er mogleg å seia opp abonnementet sitt, og heller ikkje mogleg å verta abonnent på vårt felles produkt +Alt. Me jobbar med å finna løysingar på det fort. Me vil at det skal vera så enkelt som mogleg å kjøpa og seia opp abonnementet sitt på våre aviser, seier konstituert forbrukarmarknadsdirektør i Amedia, Carl Gustaf Eriksson.