Gå til sidens hovedinnhold

No kan du lada bilen din på Mongstad

Gladnyheit for EL-bil eigarar:

Artikkelen er over 6 år gammel

Torsdag formiddag vart det gjort ei intim, men høgtideleg opning av den nye ladestasjonen ved Spar Mongstad.

- Her har vi gått saman to kommunar, BKK og næring om å få til ein ladestasjon for EL-bil ute på Mongstad, seier ordførar i Austrheim, Per Lerøy.

Sentralt

- Eg trur nok alle partar tener på dette, både oss som har investert og forbrukaren, legg han til, og peikar på at stasjonen er lagt til eit trafikalt knutepunkt.

- Stasjonen ligg tett ved industrien her på Mongstad, med tusenvis av arbeidsplassar. Samtidig ligg den tett ved fylkesveg 57, som går over fjorden og fortset på andre sida, seier han. Lerøy trur at det strekkjer seg lenger enn det ein først kan tenkje seg, ved at alle hyttefolket som høyrer til i Gulen vil kunna stikka innom her på vegen, lada og handla før dei reiser vidare.

Distrikssjef i Norgesgruppen, Roger Iversen, fortel at dei har vore med på finansieringa av ladestasjonen. Også han meiner det er gunstig å ha eit slikt tilbod like ved butikken.

Eigen app

- I dag opnar vi ein ladestasjon som er sentralt plassert i regionen og strategisk plassert ved dei største arbeidsplassane, seier Lise Reinertsen frå BKK. Ho fortel at ein enkelt kan ha kontroll på ladingen via ein "lade-app" som ein må lasta ned for å bruka ladestasjonane.

- Med app'en kan du enkelt kopla deg opp mot ladestasjonen, betala direkte frå mobilen i tillegg til å halda kontrollen på kor lenge du har lada.

Dei som har vore med å finansiera ladestasjonen på Mongstad er BKK, Transnova, Hordaland fylkeskommune, Lindås kommune, Austrheim kommune og SPAR Mongstad.

Kommentarer til denne saken