Gå til sidens hovedinnhold

No kan du gje forslag om korleis du ønskjer at Alver kommune skal vere i framtida

No kan du komme med innspel til korleis Alver kommune skal vere i framtida.

– Vi jaktar innspel til dei første planane til den nye kommunen vår, og lurer på kva som er viktig for deg, skriv Alver kommune på heimesida si.

Ein kan komme med forslag til korleis ein ønskjer at Alver kommune skal vere i framtida. Det er fleire måtar ein kan gjere dette på, blant anna:

– Vi les alle innspela, og samlar dei i rapportar som politikarane får når dei skal jobbe vidare med planane i 2021, skriv kommunen.

Kommunen grunngi dette opplegget med at innbyggjarane sine synspunkt er viktige for politikarane når dei skal utvikle framtidige planar for kommunen.

– Når planane er klare, får du nye sjansar til å kome med innspel. Då vil politikarane høyre kva du meiner om forslaget deira før dei bestemmer seg. Dette kallar vi for «høyring» og er noko vi kjem tilbake med meir informasjon om seinare, skriv kommunen.

Den utvida svarfristen er 15. januar.

Skriv gjerne innlegg til Avisa Nordhordland også om korleis du meiner Alver kommune bør utvikle deg.

Kommentarer til denne saken